Inneklima

Serviceerklæring for inneklima.

1. Overordna mål

Levere inneklima i høgskolens bygningar på ein energiøkonomisk måte i tråd med servicemål

2. Produkt-/tjenestebeskriving

Drift av varmesystem for oppvarming i fyringssesongen, kjølesystem for komfortkjøling i den varme årstid, samt drift av ventilasjonsanlegg for å oppnå generell luftkvalitet heile året.
Den enkelte tilsette trenger ikkje engasjere seg for å motta tenesta utover det å opptre slik at dei tekniske anlegg fungerer som føresett. (For eksempel ikkje blokkere varmekilder med møblar eller anna inventar)
Varmeproduksjonen skal i årstida med produksjon av is på kunstfrose bandybane skje på ein energiøkonomisk måte ved at overskuddsvarmen fra isproduksjonen primært skal nyttast som varmekilde i byggane.

3. Servicemål

Som kvalitetsmål leggjast til grunn Arbeidstilsynets rettleiing Klima og luftkvalitet på arbeidsplassen for dei arealer som kan betraktast som arbeidsplassar. I idrettssamanheng nytt andre kriterier.
Normale romtemperaturar i fyringssesongen:

  • Kontor: Normalt minimum 20 °C (moglegheit for noko individuell tilpassing). Det anbefalast ikkje over 22 °C.
  • Auditorium og undervisningsrom: 20 – 22 °C
  • Bibliotek, lesesal m. m: 20 – 22 °C
  • Sosiale rom: 18 - 20 °C (WC, toalettrom mm)
  • Garderobar: 22 °C
  • Fellesareal: 18 °C (gangar, korridorar, trapperom osv.)
  • Idrettshallar, salar, trimrom: Minimum 16 °C
  • Symjehallar: 1 - 2 °C over bassengtemperaturen dvs. 27 – 28 °C
  • Laboratorium: Eigne verdiar i forhold til kva for aktivitetar dei er tiltenkt.
  • Spesielle rom, datarom m.m.: I samsvar til eigne anbefalingar/tekniske krav.

Normale romtemperaturar i kjølesesongen:

  • Nyere kontorareal m/kjøling under 24 °C
  • Laboratorium: Eigne verdiar i forhold til kva for aktivitetar dei er tiltenkt
  • Inneklimaforhold for øvrig:
  • CO2-innhald i innelufta i primære rom som er mindre enn 1000 ppm. Med primære rom meinast kontor, auditorium, lesesalar o.a. berekna for fast og regelmessig opphald av ein eller fleire personar.

Kvalitetskontroll:

  • Det utførast systematiske målingar av enkelte inneklimaparameterar i rom for sams bruk som auditorium, undervisningsrom, salar, hallar og lignande. I kontorer etter spesielle ynske om dette. Rapportane distribuerast via hovudverneombud og HMS-leiar.
  • Ved verdiar som avvik fra normer gitt ovanfor skal korrigerande tiltak vurderast.

4. Tilgjengelegheit

  • Generelt kontor, laboratorium - vanleg dagtid
    Andre areal - etter kjende brukstider innan skolens opningstid.
    Vanleg dagtid: måndag – fredag, i tidsrommet kl. 07.00 – kl. 16.00
    Skolens opningstid: måndag – fredag, i tidsrommet kl. 08.00 – kl. 22.00
    Laurdag og søndag, i tidsrommet kl. 09.00 – kl. 18.00
  • Ynskjemål utover forhold beskriven ovanfor:
  • Bruk av rom og areal utover nevnte klokkeslett i forbindelse med arrangement og lignande må varslast på førehand til Eigendomsavdelinga.
    Førespurnader om andre temperaturar enn beskriven ovanfor vil bli vurdert og kan lydas i den grad dei ikkje ligg utanfor grunnlaget for dimensjonering for dei tekniske installasjonane.
    Forhold rundt bruk av rom og areal til andre formål enn det dei er innretta for må avklarast med Eigendomsavdelinga i god tid på førehand. Det må opplysast om dato og klokkeslett, varigheit, tenkte aktivitet, antall personar og eventuelle spesielle føresetnader.

5. Føresetnader

  • Det setjast atterhald om avvik i leveransen som fylgje av eksterne forhold som for eksempel brudd i ekstern strømforsyning, havari av teknisk utstyr e.l.
    I eldre bygg leverast tenesta etter dei føresetnader dei tekniske anlegga er dimensjonert for.
    Stopp for service, ettersyn og vedlikehald planleggjast utført med minst mogleg konsekvensar for brukarane i areala. I dei tilfelle dette må gjerast i skoleåret skal dette gjerast på tidspunkt som gjer minst konsekvensar for brukarar, eller avtalast særskild med dei partane det gjeld.

Varsling av avvik:

  • Varsel om avvik i forhold til servicemål gjerast via plania.
    Responstid i forhold til innmeldte avvik:
    Tilbakemelding innan 24 timar.

6. Tilbakemeldingar

Vi ynskjer tilbakemeldingar fra våre brukarar/leigetakarar. Dette kan gjerast ved å kontakte Seksjon drift og vedlikehold via plania.