Parkering

Aker P-Drift AS har fått i oppdrag å drifte Norges idrettshøgskole sin parkeringsplass. Tilsyn med parkeringsområdet skjer heile døgnet og på alle vekedagar. Delar av Norges idrettshøgskole bygningsmasse er under rehabilitering fram til hausten 2017. I denne perioden er det noe reduserte parkeringsmoglegheiter.

Parkeringsplassen NIH

Parkeringsavgift

Parkeringsavgift er sett til kr. 15,- per time, men tilsette og studentar får eigne P-bevis vederlagsfritt.

Gjestekort

Kun gjestar, gjesteforelesarar, handverkarar, servicefolk og vareleveransar kan få gjestekort i resepsjonen. Funksjonshemma med gyldig P-tillating for forflyttningshemma skrive ut av kommunen, har fri parkering innenfor oppmerka parkeringsplassar på ytre og indre område.

Kontrollavgift

Kontrollavgift som er skulda manglande synleg P-bevis eller feilparkering vert ikkje sletta. Klagar på eventuelle kontrollavgifter, sjå informasjon. Viser til driftspolicy som omhandlar parkeringsbestemmelsane og konsekvensane av å ikkje overhalde dei.  

Parkeringsplassen ligg til venstre etter innkøyringa, og består av 154 plassar. Desse fordelar seg på:

  • 143 vanlege parkeringsplassar
  • 4 parkeringsplassar reservert el-biler
  • 2 parkeringsplassar reservert biler med HC-bevis
  • 2 parkeringsplassar reservert MC/moped
  • 3 parkeringsplassar reservert sykler

 

Driftspolicy for Norges idrettshøgskole

Målsetjinga med denne driftspolicy er at kunden skal motiverast til å bruke parkeringsområdet slik det er tiltenkt. Kunden skal informerast om parkeringsbestemmelsane og konsekvensane av å bryte desse.

Målet er størst mogleg betalingsvilje og respekt for bestemmelsane. Aker P-drift sitt personell skal utføre sine arbeidsoppgåver i samsvar med dette.

1. All parkeringskontroll vert utført av uniformert personell. Kontrollen vert utført etter behov.

2. For å oppnå eit best mogleg samarbeid, peiker partane ut kvar sin kontaktperson blant anna for å løyse driftssaker.

Kontaktperson frå Norges Idrettshøgskole er Kjell-Arild Bakken.

Kontaktperson frå Aker P-Drift AS er Tone Kristiansen.

3.Før parkeringskontroll vert utført, skal alle skilt og billettautomatar sjekkast mot feil og manglar for å unngå misforståingar og problem for parkeringskundane. Eventuelle feil må straks meldast til Aker P-Drift AS. 

4. Parkeringskontrollen vert utført på fylgjande måte:

  • Tidspunkta for personellet sin ankomst og avreise til / frå parkeringsområdet vert notert på eit eige rapportskjema.
  • Dersom kunden kjem til bilen medan vakta fyller ut kontrollavgifta, vert denne makulert på staden. For øvrig retter Aker P-Drift AS seg etter dei retningsliner for handheving på privatrettsleg regulerte parkeringsområde som er utarbeida av Forbrukarrådet og bransjeorganisasjonen vår. Dersom desse retningslinene vert endra i framtida vil vi tilpasse oss dette.
  • Ikkje betalt tilstrekkeleg avgift
  • Ikkje kontrollerbar billett
  • Gyldig P-tillatelse manglar
  • Parkert i strid med bestemmelsar for oppstilling. Forklaringa på feilparkeringa vert alltid skrive under. Merknader: Ventetid 3 minutt.
  • Heimel utan ventetid: Stans forbudt og Gyldig P-tillatelse for forflytningshemma manglar
  • Heimel med ventetid på 5 og 10 minutt: Parkering forbudt: Ventetid fem minutt for personbilar, 10 minutt for varebilar. Parkert ved lasterampe/varelevering: Ventetid fem minutt for personbilar, 10 minutt for varebilar.

5. Når avtalen vert inngått er kontrollavgifta kr. 650,-.

6. All klagebehandling skal skje via Aker P-Drifts. Retningsliner for dette er angitt på kontrollavgifta si bakside.

7.  Drift / policymøter vert avhalden ved behov.