Internasjonal mastergrad i FAF

Ta internasjonal mastergrad i fysisk aktivitet og funksjonshemming gjennom Norges idrettshøgskole.

| 08.02.2010


Bilde av funksjonshemmet person på sykkel
 
NIH har i fleire år vore sentralt involvert i organiseringa av Erasmus Mundus Master in Adapted Physical Activity (EMMAPA), ei internasjonal mastergrad i fysisk aktivitet og funksjonshemming finansiert av EU.
 
Fram til inneverande studieår har dette vore eit eittårig studieprogram, men frå og med hausten 2010 går EMMAPA over til å bli toårig. – Utvidinga frå eit til to år gjer dette studieprogrammet meir attraktivt for studentar som vil spesialisere seg i fysisk aktivitet og funksjonshemming på mastergradsnivå, seier Øyvind Førland Standal, som er NIH sin representant i styret som organiserer EMMAPA.
 
Opptakskrav
Opptakskravet for å komme inn på EMMAPA programmet er at ein har gjennomført ein bachelorgrad i idrettsvitskap. Det er såleis ikkje eit krav at ein har tatt FAF-studiet som NIH tilbyr.
 
Første året i Belgia
Det første året blir gjennomført ved Katholieke Universiteit Leuven i Belgia. Dette året gir ei grunnleggande innføring i fysisk aktivitet og funksjonshemming, og undervisninga blir levert av lærarar frå heile verda. I løpet av førsteåret vil studentane spesialisere seg innan ulike retningar, slik som kroppsøving, sport management og rehabilitering / aktiv livsstil.
 
Mange muligheitar andre studieår 
Andre året kan studentane reise til eit av dei andre universiteta i samarbeidet: NIH, University of Limerick i Irland eller Palacky University, i Olomouc, Tsjekkia. Som ein del av det andre året kan studentane også reise på kortare opphald til eit av over 20 andre universitet omkring i verda.
 
- I tillegg til muligheitane for internasjonal erfaring er det også eit par andre forskjellar frå NIH si eiga mastergradsutdanning, fortel Øyvind Standal. - For det første involverer utdanninga praksis som er relevant for utdanninga. I tillegg er arbeidet med oppgåva 30 studiepoeng. Det betyr at det er meir undervisning og praksis, og mindre sjølvstendig arbeid med sjølve mastergradsoppgåva.
 
Meir informasjon om søknad, opptak og innhald
Meir informasjon blir tilgjengeleg her. Det er viktig å legge merke til søknadsfristen 1. juni, samt at søkjarar må ha gjennomført ein test av engelsk språkferdigheit, t.d. TOFEL. Det er tilgjengeleg 8 stipend på 23000 Euro for europeiske studentar.
 
Dersom du er interessert, eller har fleire spørsmål kan du kontakte Øyvind Førland Standal ved Seksjon for kroppsøving og pedagogikk.

Interne lenker

Kontaktperson

Eksterne lenker

Mer informasjon om masterstudiet