Norges idrettshøgskole si veneforeining
Veneforeininga blei stifta i 1994 på initiativ av Svein Atle Folkestad, som òg var leiar frå stiftinga og fram til 2001.
M. Olsen | 29.01.2010
|
Vi som er medlem av NIHV er svært ulike, men vi har éin ting til felles: vi ønskjer at Norges idrettshøgskole skal vere ein institusjon som er til stor nytte for det norske folket sin fysiske aktivitet. Nokre av oss har studert ved NIH, nokre er tilsette der og andre er ildsjeler.
Vi vonar at mange fleire kan slutte seg til våre rekker. |
|
 |
Kva vil vi?
Vi vil styrkje omdømmet og verksemda til høgskulen. Den ein er glad i vil ein gjerne hjelpe og støtte, og NIHV er ei støtteforeining.
Kva har vi gjort?
Den første oppgåva NIH tok fatt på, var å få laga eit rektorkjede. Kunstnaren Ingjerd Hanevold har laga eit praktfullt kjede i sølv og irra bronse. Det vart overrekt under immatrikulerings- og årsfesten i august 1995.
I 1999 fekk kunstnaren Ove Harder Finseth i oppgåve å lage ei rektorkappe, og den vart overrekt til høgskulen under juleavslutninga same år.
Venneforeininga har særleg vore engasjert i utsmykkingsoppgåver. Foreininga engasjerte Nils Aas til å montere skulpturane av Rolf Hofmo og Olaf Helset i vestibylen på høgskulen. Den same Nils Aas har laga og montert namnet til høgskulen i store messingbokstavar over hovudinngangen. Foreininga har òg planta eit prydepletre og ei blodbøk.
I samråd med leiinga på høgskulen starta Venneforeininga arbeidet med å fotografere og registrere dei kunstverka høgskulen har, og på årsmøtet i foreininga i 2004 vart dei første resultata av dette arbeidet lagt fram. I 2006 er ein revidert og meir fullstendig rapport utarbeidd. Denne inneheld òg eit forslag til retningslinjer for kunstforvaltninga ved Noregs idrettshøgskole.
Korleis kan du bli medlem av NIHV?
Send kr 300,- via bankgiro til Norges idrettshøgskoles Venner, Postboks 4010 Ullevaal Stadion, 0807 Oslo, kontonummer 1607 57 51854, så er du livsvarig medlem av foreininga, eller til du eventuelt ikkje ønskjer å vere det lengre.
Rektorkjede

Rektor Sigmund Loland og Thor Volla