Erasmus Mundus in Adapted Physical Activity
Internasjonal mastergrad i fysisk aktivitet og funksjonshemming.
Studieseksjonen | 27.01.2011
Masterprogrammet Erasmus Mundus in Adapted Physical Activity gir deg kunnskap om forsking og læringsmetodikk innanfor feltet fysisk aktivitet og funksjonshemming. I tillegg får du kunnskap om dei sosiale, pedagogiske og tekniske aspekta av fysisk aktivitet tilpassa behova til personar med funksjonshemmingar.
Eit år i Belgia
Det første året blir gjennomført ved Katholieke Universiteit Leuven i Belgia. Dette året gir ei grunnleggjande innføring i fysisk aktivitet og funksjonshemming, og undervisninga blir levert av lærarar frå heile verda. I løpet av førsteåret vil studentane spesialisere seg innan ulike retningar, slik som kroppsøving, Sport Management og rehabilitering/aktiv livsstil.
Mange moglegheitar andre studieår
Andre år kan studentane reise til eit av dei andre universiteta i samarbeidet: NIH, University of Limerick i Irland eller Palacky University i Olomouc, Tsjekkia. Som ein del av det andre året kan studentane også reise på kortare opphald til eit av over 20 andre universitet omkring i verda.
Opptakskrav
Opptakskravet til dette masterprogrammet er bachelorgrad i idrettsvitskap, fysioterapi eller kinesiologi. Undervisninga er på engelsk, så ein må dokumentere engelskkunnskapar med ein språktest (Proficiency, TOEFL, Pitman, etc.). Meir informasjon om studiet og opptakskrava får du frå Erasmus Mundus.
Søknadsfristen er 31. januar 2011.