Fysisk aktivitet i skulen
Nettverk for fysisk aktivitet har eit særskilt oppdrag med å utvikle tilbod om kompetanseutvikling i fysisk aktivitet. Føremålet med nettverket er å skape ein møtestad for høgskular og universitet og andre samarbeidspartnarar.
Torunn Gjerustad | 29.01.2010
Denne nettsida er primært retta mot medlemmer i nettverket og tilsette ved universitet og høgskular som tilbyr lærarutdanning og kompetanseheving til grunn- og vidaregåande skular i dagleg fysisk aktivitet.
Direktoratet er mellom anna oppteken av å sjå fysisk aktivitet i høve til læring og oppvekstmiljø, òg i forhold til det pågåande prosjektet
Fysisk aktivitet og måltider (pdf-fil).
Fysisk aktivitet og kroppsøving
Fysisk aktivitet er ikkje eit eige fag. Det har vore diskutert om dagleg fysisk aktivitet skal sjåast heilt uavhengig av faget Kroppsøving eller om det skal sjåast i samanheng med opplæring i Kroppsøving. Å sjå fysisk aktivitet i samanheng med Kroppsøving kan styrkje læringsutbyttet i faget, men òg styrkje elevane si forståing av verdien av fysisk aktivitet – og skape ein heilskap.