Senter for etter- og vidareutdanning
NIH har mange ulike deltidsstudium og kurs. Du kan mellom anna oppdatere eller vidareutdanne deg innan fitness, friluftsliv, idrett, kroppsøving eller andre fagområde knytta til fysisk aktivitet. Kontakt oss for meir informasjon.
Johnnyb | 27.01.2010

SØKNADSFRIST 1. MAI FOR FRILUFTSLIV OG KROPPSØVING
Coaching og leiing deltid er primært retta mot deg som skal jobbe med utdanning og vegleiing på klubbnivå i norsk idrett.
Fitness deltid har mange spennande tilbod for deg som ønskjer å arbeide i treningsbransjen. Personleg trenar, treningsvegleiar, sykkelinstruktør og gruppetreningsinstruktør er blant våre mest populære emne.
Friluftsliv deltid gir eit praktisk og teoretisk grunnlag for arbeid med friluftsliv innan skuleverket .
Idrettsleiing – skyting deltid passar for deg med erfaring frå skyting, til dømes tilsette i Forsvaret og politiet, leiarar i forbund og klubbar, skyteinstruktørar og skytelærarar. Studiet passar òg for aktive skyttarar som vil fordjupa seg i idretten sin.
Kroppsøving deltid passar for lærarar og førskulelærarar som jobbar med kroppsøving i skulen og som ikkje har formell kompetanse. Studiet passar òg for fysioterapeutar i skulen, aktivitetsleiarar, trenarar/leiarar i idrettslag og tilsette i skulefritidsordninga.
Topptrenar 1 deltid blir gjennomført i samarbeid med Olympiatoppen. Særskilt for trenarar som arbeider med unge, ambisiøse utøvarar
.