Oppdragsforsking og forskingsbaserte tenester

Ei av dei viktigaste oppgåvene til Norges idrettshøgskole er å dela kunnskapen sin med omverda. NIH ønskjer å komme samfunn og næringsliv i møte med tilbod om oppdragsforsking og kunnskapsbaserte tenester.

 

Illustrasjonsfoto til Senter for oppdragsforskning og kunnskapsbaserte tjenester, Norges idrettshøgskole

 
Spørsmål om oppdragsforskning kan rettast til rådgjevar Eva Skals Johnskareng eller avdelingsleiar Hans Tranekjer Andersen.
 
I dag blir høgskulen rekna som ein av dei mest velutvikla forskingsinstitusjonane i Europa innan fysisk aktivitet, leik og idrett – i skule, arbeid og fritid. Det mest spennande med NIH er at naturvitarar, samfunnsvitarar, humanistar og praktikarar er samla under samme tak.
 
Spennet i forskning og undervising er stort, og dei til saman 80 vitskaplege tilsette er forankra i fagfelta aktivitetslære, antropologi, biomekanikk, fysiologi, historie, medisin, pedagogikk, psykologi, sosiologi og treningslære.
 
Kva for kompetanse kan NIH tilby?
  • Forskningskompetanse
    Forskingsmiljøa er høgt oppdaterte og publiserer i eit mangfold av nasjonale og internasjonale forskningstidskrift.
  •  
  • Praksiskompetanse
    Dette kan gje grunnlag for interessante intervensjonsstudiar mot særskilte målgrupper eller mot spesielle mål (relasjonsbygging, helse, velvære, integrasjon osb).
  •  
  • Kunnskapsbaserte tenester knytta til dei ulike laboratoria på huset
    NIH har eige ball-laboratorium, fysiologilaboratorium med trykktank, røyrslelaboratorium, idrettspsykologisk laboratorium, lydstudio og eit videolaboratorium for TV-produksjon.
 
 
 
 

Interne lenker

Salg av video og DVD