Om Norges idrettshøgskole

Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg, nasjonalt ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.

Flyfoto over NIH september 2008
FOTO: Terje Løchen
 
Dei sentrale aktivitetane våre er undervisning, forsking og formidling. NIH har eit breitt spekter av disiplinar, fag og praktiske aktivitetar. Høgskulen sine aktivitetar er avgrensa til idrett, kroppsøving, leik, friluftsliv, dans, trening og andre former for rørsle.
 
NIH sine studieprogram skal gje god og relevant kunnskap og kompetanse. Desse studieprogramma utdannar mellom anna for profesjonar og oppgåver i skule og opplæring, trenar i idrett, leiar og administrator i idrettsorganisasjonar og offentleg forvaltning, rettleiar i friluftsliv, rådgjevar og rettleiar i helsevesenet, instruktør innan treningssenterbransjen og forskar og lærar innan høgare utdanning.
 
NIH sine bygg og idrettsanlegg er lokaliserte ved Sognsvann, med Nordmarka som næraste nabo, og samstundes sentralt i høve til Oslo sentrum. Lokaliseringa skapar i høg grad gode tilhøve for utøving av fysisk aktivitet i samband med studiar og forsking.