NIH treningssenter

Norges idrettshøgskole har eit flott treningssenter på ca 900 m2 som inneheld treningsstudio, gruppetreningssal og sykkelsal.

 

Illustrasjonsfoto for NIH treningssenter

 

I NIH treningssenteret har vi ei avdeling med styrke- og kondisjonsapparat og ei stor frivektsavdeling.

 

I gruppetreningssalen har vi utstyr for å trene styrke, yoga, coretrening på ball og bosuball, step og aerobic.

 

I sykkelsalen har vi 30 syklar og driv kondisjonstrening på ulike nivå.

 

Trening på NIH treningssenter er primært for tilsette og studentar, men det er mogleg å kjøpe treningskort for interesserte. Vi tilbyr ½ og 1/1 års kort (stengt i jule-/påskehelga og andre helligdagar).

 

NIH treningssenter har 18 års aldersgrense og er ikkje ekspedert. Du har sjølv ansvar for å følgje gjeldande sikringsreglar for treningssenteret ved NIH.

 

Vi ber om at det ikkje blir brukt utesko i treningssenteret - dette er av omsyn til hygiene. Høg musikk er ikkje tillatt. Ta omsyn til dei andre som òg nyttar senteret.

 

Korleis bli medlem?
Ta kontakt med NIH servicetorg i opningstida for informasjon og utstetting av treningskort, eller på servicetorget@nih.no, eller tlf. 23 26 20 01 om tilbodet vårt.
Pris for medlemsskap: 6 mnd kr. 1300,- eller 12 mnd kr. 2400,-. 
 
Servicetorget har betalingsterminal, slik at du kan betale med kort og få aktivisert treningskort samstundes. For generell informasjon og innbetalingsgiro kan du òg kontakte servicetorget på kveld og helg i skulen si opningstid.
 
Opningstid:
Kvardagar får: kl 08.00 – 21.30. Laurdag/søndag frå: kl. 09.00-17.00.