ID-portalen

Har du har utført eit oppdrag for Norges idrettshøgskole, kan du sende inn lønnskravet ditt og reiseutgifter du har hatt i den samanheng i henhald til kontrakt.

Ved å bruke ID-Portalen til registering av lønnskrav, vil du kunne sjå kvar i prosessen oppgjeret ditt er. Alle utbetalingar vil liggje inne i din portal med din historikk. På den måten vil du alltid kunne ha oversikt over dine lønnskrav.

Pålogging: https://registrering.dfo.no/

Bruk: MinID/BankID/Buypass ID/Commfides e-ID
for å logge deg på i registreringsportalen

Fyrste gong du skal registrere deg i ID-Portalen

Innan du kan ta ID-portalen i bruk, må du vere registrert som brukar. Din kontaktperson ved NIH skal ta ansvar for at dette skjer når kontrakten er underteikna. Dette krev at vi har din e-post adresse.