PensjoNIHsten

Foreininga blei til på stiftingsmøtet 23. oktober 2007.

PensjoNIHsten hadde sitt første årsmøte 07.02.2008, der ein mellom anna vedtok:

PensjoNIHsten sitt føremål er å skape og oppretthalde god kontakt, godt sosialt miljø, venskap og tiltak for medlemmene og NIH sine sams interesser.

Følgjande personar kan vere medlem av PensjoNIHsten – NIH si seniorforening:

1. Personar som har gått av med pensjon frå stilling ved NIH.
2. Andre pensjonistar som har hatt minimun 50 % stilling og 10 års tenestetid ved NIH.
3. Personar som held fram sitt arbeid ved NIH etter oppnådd pensjonsalder.

Foreininga ønskjer å vere eit forum der ein kan treffast til sams hygge og enkle arrangement (med og utan foredrag, underhaldning, evt turar). Ut over dette har kvar og ein høve til å velje ei tilknyting til pensjonistforeiningar som til dømes LOP (Landslaget for offentlige pensjonister), Pensjonistuniversitetet, seniorakademi(er), og liknande.

Det er gratis å vere medlem i PensjoNIHsten. Foreininga arrangerer årsmøte i tillegg til ca fire møter pr år. Møtene held til på Seniorrommet, som er eit møterom i kjellaren under Trykkeriet.

Du vil motta invitasjon til møtene pr brev eller via e-post.

Pensjonistane sine "rettar"


Det er i samarbeid med Personal- og økonomiavdelinga ved NIH avklart kva tilbod/goder du har som medlem av PensjoNIHsten, NIH si seniorforeining:

1. NIH sine pensjonistar blir invitert til alle offisielle NIH-feiringar. Dette inkluderer turen til Hovedøya på forsommaren, immatrikuleringsfesten (Sommerfesten), Julebordet, Julekaffien, og Borna sin juletrefest.

2. NIH sine pensjonistar kan på lik linje med dei tilsette i skulen nytte høgskulen sitt anlegg til eiga trening når det er ledig. Dette gjeld òg treningssenteret. Det er i denne samanheng ikkje skilt mellom pensjonistar og tilsette.

3. NIH sine pensjonistar kan ved å teikne medleskap i NIH BIL delta på alle treningstilbod som er organisert av bedriftsidrettslaget (pr dd kr 100,- pr år + tillegg i dei aktivitetane som har tilsett trenar).

4. NIH sine pensjonistar kan nytte biblioteket til NIH som tidlegare. Dei kan delta ved familiebadinga fredagar og laurdagar, på same måte som NIH sine eigne tilsette.

5. NIH sine pensjonistar får adgangskort til treningssenteret.

6. NIH sine pensjonistar får beholde parkeringsløyvet sitt (ta kontakt med parkeringsansvarleg for utlevering av parkeringskort).

Styret i foreiningen pr. 09.02.2016

 

  • Britt Vold 2016 – 2018
  • Hege Underthun 2016 – 2018
  • Sigurd Dalen 2016 – 2018
  • Tom F. Laursen 2016 - 2018

 Årsmelding 2015