Norges idrettshøgskoles venner

Venneforeninga (NIHV) vart stifta i 1994. Foreninga arbeider for å styrke NIHs omdømme og verksemd.

Venneforeninga (NIHV) vart stifta på initiativ av siv.ing. Svein Atle Folkestad, som frå 1958 medverka i bygginga av NIHs anlegg og heile tida har vist stor interesse for NIH. Folkestad vart foreningas leiar frå stiftinga og fram til årsmøtet i 2001.

Formål

I forståing med høgskolens leiing vil foreninga styrke høgskolens omdøme og verksemd. Vi ynskjer at Norges idrettshøgskole skal vere til stor nytte for den norske befolkningas ulike former for idrettsleg aktivitet.

Verksemd

Venneforeninga har vist interesse for høgskolens anlegg og vore engasjert i utsmykkingsoppgåver. I 1995 fekk høgskulen overrakt eit praktfullt rektorkjede som vart laga av kunstnaren Ingjerd Hanevold på initiativ av NIHV. I 1999 fekk kunstnaren Ove Harder Finseth i oppgåve å lage ei rektorkappe, og den vart overrakt til høgskulen under juleavslutninga same år.

Foreninga engasjerte kunstnaren Nils Aas til å montere skulpturane av Rolf Hofmo og Olaf Helset i høgskulens vestibyle. Nils Aas har også laga og montert høgskulens namn i store messingbokstavar over hovudinngangen. Foran hovudinngangen har foreninga fått planta eit prydepletre til erstatning for ein skranten hengebjørk, og ein blodbøk, dedikert høgskulens fyrste direktør Thor Volla, er planta ved svømmehallens kortvegg. I 2004 fekk foreninga satt i gang arbeid med å få laga eit maleri av Thor Volla. Oppdraget vart overlatt til maleren Tore Juell, og maleriet vart avduka i tilknytning til årsfesten og immatrikuleringa i 2005.

I 2004 fekk NIHV starta arbeidet med å fotografere og registrere dei kunstverka NIH har, og som for ein stor del er innkjøpt for midlar frå Norsk kulturfond og Utsmykkingsfondet. Resultatet av arbeidet vart lagt fram i ein eigen rapport. Den inneheld synspunkt på kunstforvaltninga og ordningar som kan sikre dei kunstverka høgskulen har. NIHV ynskjer å bidra til at kunstverka vert til glede for studentar, ansette og besøkande. I 2005 vart arbeidet ført vidare, og ein revidert rapport med foto av kunstverka er brent inn på ein CD. Professor emeritus A. Morgan Olsen har utarbeidd rapporten.

Venneforeninga har også truffet tiltak for å sikre at gjenstandar som kan ha historisk interesse vert tatt vare på. Eit eige rom er stilt til rådigheit for oppbevaring av gjenstandar. NIH-ansatte og andre vert oppfordra til å levere inn idretts- og anna utstyr som er i god stand, men som ikkje lenger er i bruk. Det er også antyda at Venneforeninga bør bidra til at forhold ved idrettshøgskulen blir godt dokumentert med tanke på at høgskulens historie bør bli skrevet til 50-årsjubileet i 2018 .

Verving og medlemstilbod

Venneforeninga kan vere stolt av det som er utretta, og ynskjer å utrette meir. For å lukkast, treng foreninga fleire medlemmar. Foreningas styre har sett medlemsverving som ei av sine viktigaste oppgåver. Det er etablert fleire tilbod for foreningas medlemmer:

- Medlemsmøter fleire gonger i året, nokre av desse er i samarbeid med høgskulens pensjonistar.

- Det holdes årsmøte i april/mai. I tillegg til vanlege årsmøtesaker presenterer leiinga ved høgskulen aktuelle saker.

På grunn av rehabiliteringa av NIH har vi pr. dato diverre ingen treningstilbod til våre medlemmer når det gjeld tilgang til treningssenteret og svømmehallen på NIH. Så snart rehabiliteringa er ferdig vil vi inngå nye avtalar med NIH.

Nokre av venneforeningas medlemmer har valgt å trene i Treningshuset Turnhallen i St. Olavsgt. 25 i Oslo.

Medlemmar

Enkeltpersonar, organisasjonar, foreninger og firma som vil fremme foreningas føremål kan bli medlemmer av Venneforeninga.

Korleis bli medlem av NIHV?

Medlemskontingenten for livsvarig medlem (personleg) er kr 300,- og for bedrifter og organisasjonar kr 1.000,- pr. 3. år. For registrering av medlemskap, vær venleg å sende det aktuelle beløpet til bankkonto nr. 1607.57.51854. Husk å oppgi navn, postadresse og e-postadresse. Vel møtt til ein innsats for NIH!

Styret:

Sven Egil Folvik (leiar) Sven.E.Folvik@hbv.no

Ann-Mari Steinsland (nestleiar) ann-m-st@online.no

Hege Underthun (sekretær) hegethun@online.no

Zora Hozman (styremedlem)

Henny Volla (styremedlem)

Jon Døhl (varamedlem)
Jan Erik Karlsen (varamedlem)