Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til søk

Administrative einingar

Studieavdelinga

Studieavdelinga består av Studieseksjonen med seks tilsette og Senter for etter – og vidareutdanning (SEVU) med åtte tilsette. 

Sentrale arbeidsoppgåver for Studieseksjonen er studentopptak, studieadministrasjon, internasjonal studentutveksling og kvalitetssikring av utdanningsaktiviteten.

SEVU medverkar til at høgskulen har utdanningar og kurs innan fagområda idrett og fysisk aktivitet, og har og det studieadministrative ansvaret for høgskulen sin store aktivitet innan etter – og videreutdanning. 

Personal – og økonomiavdelinga

Personal – og økonomiavdelinga har ansvaret for Norges idrettshøgskole sitt sentrale planverk og planrapportering, økonomiforvaltninga, personal/organisasjon og andre administrasjonoppgåver:

  • Plan og budsjett
  • Rapportering internt og til sentrale myndigheiter
  • Sekretariat for styre og utval
  • Organisasjon
  • Rekneskap
  • Løn- og personaladministrasjon
  • HMS
  • Innkjøp
  • Felles arkivfunksjon og dokumentbehandlingssytem

Tilgang til skjema benyttet til timelærere og reiseregninger.

Avdeling for forsking og bibliotek

Avdeling for forsking og bibliotek omfattar ei forskingsadministrativ eining som står for:

  • Forskingsadministrasjonen på tvers av dei faglege seksjonane, under dette utdanning til doktorgrad, ekstern finansiert FoU-verksemd samt dokumentasjon og formidling av FoU-produksjonen.
  • Biblioteket, som er det største idrettsbiblioteket i Norden, har ei bokstamme på ca. 70 000 bøker og tilgang til fleire tusen tidsskrifter og tilgang til fleire internasjonale databasar.

Eigedomsavdelinga

Eigedomsavdelinga ivaretek drift og vedlikehald av skulen sin eigedom, anlegg og utstyr. Vi legg til rette slik at aktivitetsområda kan nyttast til tiltenkt aktivitet, og bistår samstundes skulen med daglege oppgåver og legg til rette i forbindelse med spesielle aktivitetar. 

  • Seksjon for utleige har ansvar for utleige, vakthald , symjehall og reinhald.
  • Seksjon for drift og vedlikehald har ansvar for drift og vedlikehald av bygningsmassen og idrettsanlegga utomhus.

Ferdigheitene og kunnskapane våre vert og brukte til å hjelpe studentane med å løyse praktiske utfordringar av ulik art, så her er det berre å spørje.

IKT- avdelinga

IKT-avdelinga driftar og vedlikeheld serverar, nettverk, telefonsentral og PCar ved NIH. I tillegg yter dei brukarstøtte til studentar og tilsette.

NIH media, som leverer audiovisuelle tenester til studentar, tilsette og eksterne i form av mellom anna film – og lydopptak, redigering og produksjon av film/video og lyd-CDar.

Kommunikasjonsavdelinga

Eininga for kommunikasjon vert leia av Kommunikasjonssleiar Karen Christensen. Servicetorget med trykkeriet er ein del av kommunikasjonsavdelinga.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Vere rådgjevar, støttespelar og tilretteleggjar for leiinga og fagmiljøa i høve til kommunikasjonsfaglege spørsmål.
  • Utveksle og lage strategiar for informasjon, planar for informasjon og produkt.
  • Leggje til rette for god funksjonell intern og ekstern kommunikasjon.