Hopp direkte til innhold

Organisasjon

Det er totalt om lag 220 tilsette ved NIH, fordelte på fem fagseksjonar og seks administrative avdelingar.

Lenke til side om styret Lenke til administrerende direktør Lenke til rektor Lenke til prorektor Lenke til studieavdelingen Lenke til avdeling for forskning og bibliotek Lenke til personal- og økonomiavdelingen Lenke til eiendomsavdelingen Lenke til Seksjon for fysisk prestasjonsevne Lenke til Seksjon for coaching og psykologi Lenke til Seksjon for kroppsøving og pedagogikk Lenke til Seksjon for idrettsmedisinske fag Lenke til Seksjon for kultur og samfunn Lenke til kommunikasjonsavdelingen Lenke til IKT-avdelingen

Den faglege aktiviteten ved Norges idrettshøgskole (NIH) er organisert i fem fagseksjonar:

Seksjon for fysisk prestasjonsevne

Seksjon for coaching og psykologi

Seksjon for kultur og samfunn

Seksjon for idrettsmedisinske fag

Seksjon for kroppsøving og pedagogikk

Fagseksjonane er underlagt rektor og har leiarar tilsett på åremål med eit heilskapleg fagleg og administrativt ansvar.

NIH omfattar også Senter for idrettsskadeforskning og Forskningssenter for trening og prestasjon.

I tillegg kjem Forsvarets institutt som er eit samarbeid mellom NIH og Forsvaret. 

Den administrative aktiviteten ved Norges idrettshøgskole er leia av administrerande direktør Lise Sofie Woie. Administrasjonen er delt inn i seks avdelingar:

Personal – og økonomiavdelinga

Eigedomsavdelinga

Studieavdelinga, herunder Senter for etter – og vidareutdanning

Avdeling for forsking og bibliotek

Kommunikasjonsavdelinga

IKT- avdelinga

Norges idrettshøgskole sitt styre er sett saman i samsvar med krava frå Lova om universitet og høgskolar.