Beitokurset 25 år

Vinterens store møteplass for kroppsøvingslærarar frå heile landet feirar 25-års jubileum i år.

Fra venstre på bildet ser du Mona Sannerud Moe, NIH-rektor Kari Bø og Sigurd Dalen
Frå venstre: Mona Sannerud Moe (kursansvarleg), NIH-rektor Kari Bø og Sigurd Dalen (tidlegare kursansvarleg) Foto: Jarle Stokland/NIH

Omlag 3500 kroppsøvingslærerar har vore med på Beitokurset gjennom dei siste 25 åra. Også i år er kurset fullteikna med 146 påmelde lærarar.

Kurset går over tre dagar 22. – 25. januar og inneheld ei god blanding av teori og praksis.

NIH-rektor Kari Bø ynskjer velkomen første kursdag.

- NIH tek eit nasjonalt ansvar for å skapa denne møteplassen for lærarar i kroppsøving. Her får dei fagleg påfyll, inspirasjon og innføring i aktivitet dei kan ta i bruk allereie neste kroppsøvingstime, fortel Kari Bø.

Forelesingane spenn frå ungdom og psykisk helse, til verktøy for å auke motivasjon og hindra fråfall i kroppsøvingsfaget. Forelesarane er handplukka og tema relevante . Kristian Abelsen (NIH) og Petter Erik Leirhaug (Høgskulen på Vestlandet) skal snakke om vurdering for læring.

Dei kursansvarlege heng med i tida og tilpassar stadig nye formar for aktivitet. Deltakarane kan velja bland ei rekke aktivitetar: friluftsliv, symjeopplæring, dans, langrenn, orientering, golf, friidrett, gymnastikk, turn/motorikk, alpint, ballspill, koordinasjon, skulegard- og uteleikar. 

Silje Meling frå Verket skule er klår for nytt Beitokurs. Ho har vore med ein gong tidlegare og er klår på kvifor.

- Eg får tips og input som eg kan ta direkte i bruk i timane mine. Programmet er variert og ein kan velje aktiviteter ut frå det ein likar og det ein har nytte av. Ikkje minst er kurset veldig sosialt, og det er inspirerande og hyggeleg å treffe andre med tilsvarande jobber og som er glade i idrett.

Kurset samlar lærarar frå heile landet og alle fylke. Dei bur på Radisson Blu hotell på Beitostølen og der finn og forelesingane stad. All aktivitet skjer i symjehallen og i treningsrom på hotellet, på Beitostølen helsesportssenter og i dei flotte omgjevnadene utandørs på Beitostølen.

No er det berre å glede seg! Vel møtt til kurs for 25 gang!

Program Beitokurset 2017