Idrettsforbundets feilmedisinering

Ungdoms-OL på Lillehammer skulle hindre fråfallet i norsk idrett. Doktorgraden til Anna-Maria Strittmatter konkluderer med at arrangementet i staden vart brukt til å legitimere Noregs idrettsforbund.

Anna-Maria Strittmatter sammen med sitt snowboard.
Feil veg: – Ungdomen kan ikkje lærast opp til å nærme seg idrettsorganisasjonane, det er idrettsorganisasjonane som må lærast opp til å nærme seg ungdomen, seier Anna-Maria Strittmatter. Som tidligare leiar i det internasjonale snøbrettforbundet er ho ikkje ukjend med korkje ungdomsidrett eller meisterskap Foto: Paal Uvaag

Anna-Maria Strittmatter (f. 1988) disputerer ved Seksjon for idrett og samfunn ved Norges idrettshøgskole den 17. februar, med avhandlinga Legitimation Processes of Sport Organizations. The Case of Norwegian Youth Sport Policy and the 2016 Lillehammer Winter Youth Olympic Games.

For nøyaktig eitt år sidan var ungdom frå 71 nasjonar, i alderen 15 til 18 år, på Lillehammer for å delta i dei 2. olympiske vinterungdomsleikar. 11 deltok. Over 200 000 såg på. Kjende artistar held konsertar. Ungdomane konkurrerte. Dei vaksne mintest 1994. Lillehammer var OL-by for andre gong.

Medisin mot fråfall

Anna-Maria Strittmatter var òg på Lillehammer. Ho skulle avslutte datainnsamlinga til doktorgraden sin, som handlar om ungdomspolitikk i norsk idrett. Ho hadde bite seg særskild merke i ein ting: I søkeprosessen til ungdoms-OL på Lillehammer hadde Noregs idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) hevda at ungdoms-OL var eit viktig verktøy for å kjempe mot fråfallet i norsk idrett, altså i det som kallast «breiddeidretten».
– Forklar kva som meinast med «fråfallsproblemet» i norsk idrett.
– Mange ungdomar sluttar med idrett i tenåra, ofte fordi dei får andre interesser eller kjenner at det er eit for stort press på prestasjonar. Denne problematikken har NIF visst om sidan 80-90-talet, men dei har ikkje klart å gjere noko med han.
– Er det berre NIF sin feil?
– Dei maktar ikkje å tilby eit bra nok idrettstilbod for ungdom som ikkje vil satse på toppidrett. Samstundes krev dei monopolstilling for idrett i Noreg, det finnes veldig få alternativ til NIF om ein vil drive med organisert idrett.
– Ungdoms-OL på Lillehammer var ingen løysing på fråfallsproblematikken i breiddeidretten, skriv du, det var fyrst og fremst eit arrangement som skulle rettferdiggjera NIF og søknaden deira. Forklar.
– Då eg søkte på doktorgraden i 2013, visste vi jo allereie at dette ikkje var eit arrangement for ungdom si breiddeidrett, det var eit arrangement for neste generasjon av OL-utøvarar. Men ungdoms-OL legitimerer NIF som organisasjon, det «provar» at Norge ikkje treng nokon annan organisasjon for idrett og ungdom.

IOC på friarføter

Det heile starta for 10 år sidan. I 2007 bestemde IOC at dei ville starte med olympiske leiker for ungdom. I januar 2008 tok dåverande IOC-president Jaques Rogge kontakt med Noreg og spurde om ikkje vi ville arrangere dei fyrste vinterleikane, i 2012. Og jo! Noreg ville, og Noreg søkte, men Noreg fikk ikkje statsstøtta på plass i tide. I desember same år kunne IOC melde at leikane gjekk til Innsbruck. Men Jaques Rogge gav ikkje opp. Kva med ungdoms-OL i 2016? Han kontakta NIF gjentekne gongar. Og NIF gav heller ikkje opp, og i september 2011 kunne dåverande statsminister Jens Stoltenberg fortelja at statsstøtta var i boks. Tre månader seinare kunngjorde IOC at Lillehammer fekk leikane.
Då NIFs årsrapport kom ut nokre veker seinare, hadde dei funne plass til eit nytt ord: «ungdomsløftet».
– På denne tida visste ein eigentleg ikkje kva vi skulle med ungdoms-OL. Men så fant NIF eit argument for kvifor det var bra og kvifor det passa, og det argumentet fekk namnet «ungdomsløftet», seier Strittmatter.
– Er ikkje det fint, då?
– Eg trur at NIF hadde eit oppriktig ynskje om å gjere noko bra for ungdomen. Problemet var berre at dei ikkje hadde tenkt skikkeleg gjennom det. Eg fekk ei kjensle av at dei måtte finne eit argument for at staten skulle bruke 230 millionar kroner.

Ein, to, tre

I sine eigne dokument skriv NIF at ungdomsløftet er ei tredelt satsing, på «fremtidens utøvere» (framtidas stjerner), «ungt lederskap» (framtidas idrettsleiarar) og «idrett for alle» (breiddeidretten). Til sistnemnde kategori høyrer både dei som står i fare for å falle frå idretten, og dei som aldri har byrja. Og det er altså denne kategorien NIF viste omhug for då dei søkte om statsstøtte til arrangementet.
– Du argumenterer for at ungdoms-OL ikkje var rett medisin for den slags ungdomsløft som NIF ville ha?
– Arrangementet vart kjempebra. Idretten var med, NIF fekk masse ekspertise, Lillehammer-området lærte mykje – men det var eit så krevjande arrangement at ingen hadde ressursar til å få fleire ungdomar til å begynne med idrett. Det seier også informantar frå NIF, dei hadde undervurdert kor komplekst arrangement det var. Men eg synest det er vanskeleg å godta det som ei orsaking.

Morgondagens idrettsleiarar

I samband med ungdoms-OL heldt NIF eit leiarkurs for 223 ungdomar frå heile landet, der dei lærte om mellom anna norsk idrett, leiarskap, kommunikasjon og OL.
– Eigentleg skulle målgruppa vere all ungdom i heile Noreg, også utanfor idretten, for ein ville jo få fleire inn, men det var ikkje dei NIF satsa på. Dei satsa på ei veldig liten gruppe ungdomar – som allereie var innafor idretten, forklarar Strittmatter.
– På NIF sitt toppleiarmøte tre månader etter lekene sa kulturminister Linda Hofstad Helleland at 223 unge leiarar hadde vorte utdanna under ungdoms-OL, og at dette var eit bra tiltak mot fråfallet – forresten nok eit eksempel på legitimering, seier Strittmatter.
Dei 223 håpefulle hadde vorte kursa over ein 18-månadersperiode. Målet var at dei skulle få leiande stillingar som frivillige under sjølve ungdoms-OL – og deretter halde fram som frivillige i lokallaga etter leikane.
– Berre 115 av dei 223 var registrert som frivillige da leikane starta, fortel Strittmatter.
I samband med datainnsamlinga intervjua ho 16 av dei.
– Kva sa dei?
– Dei var veldig skeptiske. Altså: dei syntes det var eit kjempebra kurs, dei hadde det koseleg og lærte om norsk idrett, korleis ein kommuniserer og løyser konfliktar osb., og dei syntest det var gøy å vere med. Men dei var veldig tydelege på at dei ikkje trudde at unge som ikkje allereie driv med idrett, plutseleg skulle kome og seie «eg har lyst til å starte med idrett berre fordi ungdoms-OL skjedde».
¬– Treivst dei med å vere leiarar?
– Dei eg snakka med, kjende at dei ikkje fekk det leiaransvaret dei var førespegla. Dei fekk inntrykk av at dei vaksne meinte leiaroppgåvene var altfor viktige til å kunne overlatast til ungdom.
– Kva syntest dei om det?
– Dei var skuffa og kjende seg logne for.

Trickle down

NIF skriv sjølv at «ung medbestemmelse er nøkkelen i ungdomsløftet».
– Er ikkje kurset med dei unge leiarane då eit godt og målretta tiltak?
– Poenget er at dette var eit kurs for ungdom som allereie dreiv med idrett, men det vart ikkje sett i verk tiltak for korleis dei skulle få fleire ungdomar inn i idretten etter at leikane var over. Det er jo ikkje slik at fordi ein har ein ung leiar i klubben, så kjem andre unge springande inn.
Den såkalla trickle-down-effekten – at ei utvikling på toppen skaper ringverknadar nedover, er ein velbrukt og omstridt teori i økonomifaget – og i idretten, skal vi tru Strittmatter. Også når det gjeld å få meisterskap:
– Eit av dei mest brukt argumenta for å få store idrettsarrangement, som OL eller VM, er at om folk har eit så stort arrangement i sitt eige land, så vil dei verte inspirert til sjølv å begynne med idrett. Men det finst ingen forsking som beviser det.
Ho har heller ikkje sett nokre teikn til ein slik effekt etter ungdoms-OL.
– Eg har snakka med særforbund og kretsar, og det ser ikkje ut til at dei har fått fleire unge utøvarar på grunn av ungdoms-OL. Men så var jo fokuset i ungdoms-OL også på toppidrett, ikkje breiddeidrett.
– Men no har det berre gått eitt år sidan ungdoms-OL. Er det ikkje litt tidlig å avgjere om det ga nokon effekt?
– Jau, ein snakkar om «arven», og i eit forskingsperspektiv kan ein kanskje seie at det må gå ti år før man kan vurdere arven. Men det eg kan sjå, er at etter ungdoms-OL hadde NIF ingen plan for oppfølging. Dei hadde ingen plan for å implementere visjonane eller følgje opp leiarane.
– Du feller ein ganske hard dom over NIF?
– Eg er berre så kritisk som informantane og data mine gjer grunnlag for.

Finnes medisinen?

Om store idrettsarrangement ikkje hjelper på idrettsdeltakinga, men berre konsoliderer det beståande, og dei unge idrettsleiarane ikkje sjølv trur dei kan få fleire til å begynne med idrett – kva skal ein då gjere for å bøte på det såkalla fråfallsproblemet?
– Eg spurte ungdom kva som skal til. Dei svarte tilbod – på lågaste nivå. Mange synest det er eit altfor stort prestasjonspress i klubbane, spesielt i langrenn og fotball. Dei trur også at det sosiale må vere i fokus for at ein skal ynskje å engasjere seg og verte interessert, svarar Strittmatter.
Ho snakkar også om at NIF må opne strukturane sine.
– Eg trur det er viktig at dei opnar seg og tillèt ein annan slags medlemskap. Og så kan ikkje ungdomen lærast opp til å nærme seg idrettsorganisasjonane, det er idrettsorganisasjonane som må lærast opp til å nærme seg ungdomen.
Ho trur også at NIF gjer tiltak på feil nivå.
– Dei vert gjerne gjort på nasjonalt nivå eller på kretsnivå, men eigentleg burde ein møtt ungdom der dei er. I klubbane – og spesielt utanfor klubbane.
– Du disputerer denne veka. Kva håper du skal hende etterpå?
– Eg håper NIF tek dette vidare. Eg veit ikkje kor mykje dei kjem til å evaluere ungdoms-OL, og kanskje seier dei at dette var bra nok – men da har dei i alle fall ikkje oppnådd målet med ungdomsløftet.