Mild til moderat rectus diastase ser ikkje ut til å skape korsryggplager etter fødsel

Ny artikkel om rectus diastase under graviditet og det fyrste året etter fødsel.

Foto: NIH

Forskningsartikkelen vart nyleg publisert i British Journal of Sports Medicine. Her følger eit samandrag av artikkelen.

 

Bakgrunn

Rectus diastase (RD) er definert som ein separasjon av muskelbukane til dei to rette magemusklane (rectus abdomini). Det finns begrensa med vitskapleg informasjon omkring denne tilstanden, noko som er i stor kontrast til den mengda informasjon og meiningar som kvinner vert utsatt for gjennom sosiale medier i forhold til blant anna trening ved RD. Formålet med studien var å: 1) Undersøke førekomst av rectus diastase under graviditet og det fyrste året etter fødsel. 2) Undersøke nærvær av moglege risikofaktorar blant kvinner med og utan rectus diastase tolv månader etter fødsel. 3) Undersøke om det er forskjell i rapportering av korsrygg- og/eller bekkenrelaterte smertar hjå kvinner med og utan rectus diastase tolv månader etter fødsel.       

 

Metode

Studien følgde 300 fyrstegangsgravide kvinner ved Akershus universitetssjukehus under svangerskapet og det fyrste året etter fødsel. Data vart samla inn ved eit elektronisk spørjeskjema og kliniske undersøkingar. RD vart definert som ein separasjon på to fingerbredder eller meir målt anten 4,5 cm over, ved, eller 4,5 cm under navlen. Kvinner med og utan diastase blei samanlikna ved Student t-test og chi square / Fisher´s exact test samt utrekning av Odds Ratio (OR). P-verdien var 0,05.

 

Resultat

Førekomst av rectus diastase var 33,1 % , 60,0 % , 45,4 % og 32,6 % ved høvesvis svangerskapsveke 21 og seks veker, seks månader og tolv månader etter fødsel. Det vart ikkje funne nokon forskjell i førekomst av moglege risikofaktorar ved samanlikning av kvinner med og utan diastase. Odds ratio viste derimot større sannsyn for RD blant kvinner som rapporterte om tunge lyft ≥ 20 gongar i veka (OR 2,18 95 % CI: 1,05 – 4,52).  Det var ingen forskjell i rapportering av korsrygg og/eller bekkensmerte (p = 0,10) blant kvinner med og utan diastase eit år etter fødselen.   

 

Konklusjon

Førekomst av mild RD var høg både under svangerskapet og etter fødsel. Kvinner med og utan RD rapporterte same førekomst av korsrygg og/eller bekkensmerter smerte 12 månader etter fødselen. Studien kan ikkje konkludere med nokon klare risikofaktorar for RD.