– Uetisk ikkje å vurdere behandling utan kirurgi

Pasientar som fullførte eit tremånaders rehabiliteringsprogram som førebuing til knekirurgi valde å ikkje gjennomføre operasjonen likevel.

Atroskopi-bilde av bruskskade.
Bruskdefekt i kne. Brusken er så skada at beinet kjem til syne. Foto: Ahus

Som ein del av doktorgradsarbeidet sitt har fysioterapeut Barbara Wondrasch følgt ei gruppe pasientar med alvorlege bruskskader i knea, medan dei venta på operasjon. Målet hennar var å forbetre knefunksjonen og sjå korleis eit aktivt rehabiliteringsprogram i forkant av inngrepet påverkar sluttresultatet. Men studien tok ei overraskande vending.

– 63 prosent av pasientane som gjennomførte programmet i tre månader oppnådde ei så stor forbetring at de ikkje ønska å gjennomføre operasjonen likevel. Knefunksjonen deira var mykje betre, og dei hadde ikkje lenger vondt når dei lekte med ungane sine eller gjennom ein vanleg arbeidsdag, seier Barbara Wondrasch.

Ho er tilsett ved St. Poelten University for Applied Sciences i Wien, og disputerer for doktorgraden ved Norges idrettshøgskole i dag, 19. mai.

Portrett av Barbara Wondrasch

Barbara Wondrasch. Foto: Privat

Å unngå operasjon var ikkje forskargruppa sitt mål, så dei vart positivt overraska over dei gode resultata.

– Det var ikkje ein randomisert studie, så vi skal vere varsame med resultata. Vi kan ikkje vere sikre på om effekten kom frå rehabiliteringsprogrammet aleine eller om andre faktorar, som til dømes tid, hadde påverknad. Men vi ser ein klar tendens og eit solid grunnlag for vidare studiar, forklarar Wondrasch.

Kvart år vert om lag 2500 nordmenn behandla for bruskskadar i knea. Tilstanden er like vanleg som korsbandskadar. Når han er frisk, er brusken i kneet mjuk med ein fløyelliknande, jamn yte. Den gjer at leddet kan røre seg utan friksjon. Knebrusken er om lag fire millimeter tjukk og tål store belastningar. Ei skade på brusken reduserer knefunksjonen og gjer smerter. Brusken kan ikkje hele seg sjølv, ettersom han ikkje har korkje blod- eller nervetilførsel.

Behandling utan operasjon

Wondrasch ser ei trend i retning færre operasjonar og meir bruk av aktive rehabiliteringsprogram i behandling av kneskadar. Ho meiner medisinsk personell som jobbar med kne alltid må vurdere behandling utan operasjon.

– Vår studie var den første som såg på rehabilitering av denne pasientgruppa. Vi trenger fleire og større studiar for å bekrefte funna våre, understrekar stipendiaten.

Om funna vert bekrefta i studiar med meir avansert design, vil dei vere av stor verdi – både for individ og samfunnet som heilheit.

– Behandling utan kirurgi inneber at pasientane kjem raskare attende til arbeid og fysisk aktivitet, so den sosiale kostnaden kan verte sterkt redusert. Sjølvsagt vil vi møte pasientar som utan tvil treng operasjon, med et er uetisk ikkje å vurdere andre alternativ, hevdar Barbara Wondrasch.

Videoen viser artroskopi av kne med omfattende bruskskade

Spesiallaga trenings- og opplæringsprogram

Wondrasch og kollegaene har utvikla eit spesielt program for pasientar med bruskskader i knea. Samanlikna med tidligare program var det eit veldig aktivt program, og det inneheldt også ein opplæringsdel for pasientane.

– Det er svært viktig å gje pasientane opplæring om skaden deira. Meir kunnskap om deira eigen tilstand motiverer og set dei i stand til å gjennomføre rehabiliteringa meir effektivt, forklarar ho.

Programmet, kalla Oslo Cartilage Active Rehabilitation and Education (CARE) vart utvikla av Wondrasch saman med forskarar frå Norges idrettshøgskole og universitetssjukehusa i Oslo og Akershus.

Kast krykkene tidligare

I ein annan artikkel i doktorgraden har Wondrasch sett på rehabilitering etter ei kirurgisk behandling av bruskskadar som kom i 2001, kalla MACI (matrix-associated autologous chondrocyte implantation). Behandlinga medfører store kostnader og implikasjonar for pasientane, så rehabilitering har vanlegvis vore langsam og forsiktig.  Med andre ord brukte pasientane krykker i lang tid for å unngå belastning av kneet som var operert.

– Men studien vår viste at bruskvevet treng belastning for å heles. Resultata etter to og fem år viser at pasientar som slutta å bruke krykker tidligare hadde same resultat som pasientar som følgde den tradisjonelle tidslina. Dei kom attende til arbeid og ønska aktivitetsnivå raskare, og det er sjølvsagt godt nytt for både helse og økonomi.

Førstehandserfaring inspirerte til forsking

Barbara Wondrasch var sjølv ein av dei første i Austerrike som fekk MACI-kirurgi. Då ho spurde legen om kva som bar den beste rehabiliteringa, hadde han ikkje noko svar.

– Så eg tenkte at vi burde produsere meir kunnskap på dette feltet. Lite visste eg då om at eg ein dag ville skrive en heil doktorgrad om temaet, men det var slik eg vart interessert i feltet, seier ho.

Gjennom ei lang rekke konferansar rundt omkring i verda, møtte Wondrasch NIH-professor May Arna Risberg, som i dag er vegleiaren hennes. Dei fann felles interesse i kvarandre sine arbeid, og då Risberg tilbaud Wondrasch ei doktorgradsstilling, sa ho ja augeblikkeleg. 19. mai vert ho den andre fysioterapeuten i Austerrike med doktorgrad.