Naturopplevingar vert til i menneskelege relasjonar

Norsk reiseliv har enormt potensiale viss det klarer å leve opp til sin eigen merkevarestrategi: sterke opplevingar i natur. – Turistane må vere med og utforming turane, meiner friluftslivsforskar.

En person alene mot isøde med fjell i bakgrunnen.
Thomas Vold har blant anna skrive om turistar som aktive medprodusentar av sine einge turar. Foto: Thomas Vold.

Stadig fleire utanlandske turister kjem til Noreg for å oppleve fjell, fjordar og det arktiske nord. I marknadsføring av Noreg som turistdestinasjon, framstillas gjerne naturen som eit ferdig produkt.

– Fortolkingar av naturen, som til dømes storslått, mektig, vakker eller vill, sjåast som eigenskapar ved naturen i seg sjølv og som opplevingar turistane får av naturen – uavhengig av kven dei er og korleis dei møter naturen, seier Thomas Vold, nyslått doktor ved Norges idrettshøgskole.

I doktorgradsavhandlinga «Venner» på tur. Naturguiding som relasjonell kunnskap, utfordrar Vold det han ser som ein produkttankegang i reiselivsnæringen. Gjennom forsking på guida turar på Svalbard, viser han korleis turistar saman med naturguidar utformar turane som fellesskapande prosjekter. Det vil seie at turistane er aktive medprodusentar, og ikkje berre passive konsumentar, og dei bidreg dermed til å skape opplevingane av naturen og det å være på tur.

– «Sterke opplevingar i natur», som er Reiselivs-Noregs merkevare, skapas når turistane sjølv er aktive deltakare i sin eigen tur. Det handlar nemleg om meiningskonstruksjonar. Norske fjell og fjordar vert meiningsfulle for turistar gjennom samhandling med naturguider i naturen, seier Thomas Vold.

Turister sitter i samtale utenfor telt på Svalbard i sommervær

Korleis vert ein god tur god? Kva skjer mellom menneske på tur saman? Det handlar om meiningskonstruksjonar, ifølge Thomas Vold.

Kjem ikkje til Noreg for å oppleve HMS

I reiselivsmiljøet i Noreg går det i dag ein diskusjon om kva kunnskap norske naturguidar bør ha. Sjølvsagt skal dei kunne mykje om helse, miljø og sikkerhet, men det er ikkje for å oppleve sikkerhet at turistane kjøper turar hit, understrekar Vold.

– Nei, det kjem fordi dei vil ha spanande, lærerike og utfordrande opplevingar. Eg bestemde meg difor for å bidra inn i diskusjonen med kunnskap om korleis guidar lagar turar. Kva gjør guidar og turistar seg imellom? Kva kjem ut av det mellommenneskelege? Det handlar om meiningskonstruksjonar, seier han.

Er man oppvaksen langt inni ein betongjungel eller i ein flat asfaltørken tusenvis av mil frå Rondane eller Lyngsalpane, er ikkje fjell nødvendigvis noko flott. I alle fall ikkje så fantastisk som nordmenn gjerne syns etter å ha levd eit heilt liv i nærleiken eller i direkte kontakt med naturen.

Doktorgradsstipendiaten fortel at han bygger på teori som synsar at naturen ikkje erfaras direkte og spontant som meiningsmetta med dei verdiane lokalbefolkninga legg til den. Som nordmenn har vi gjerne lært at naturen er vakker. At fjellet er framifrå, særleg bada i sol. Når vi kjem på toppen skal vi si «Wow» og sjå utover. Alt det er tillært.

– Ei jente frå Indonesia forsto ikkje den norske måten å oppleve natur på. Ho lurte blant anna på korfor vi gjekk heilt stille etter kvarandre på rekke når vi var på tur. Om vi legg vår eigen forståing til grunn, kan vi lett gløyme at forståinga er lært gjennom vår eigen kultur og vår eigen samhandling med naturen.

To år feltarbeid på Svalbard

Portrett av Thomas Vold

Friluftslivsforskar Thomas Vold. Foto: Privat

Svalbard har Norges best utbygde naturturisme. Om lag 200 guidar jobbar der i sesong, og rundt 50 har vore fulltidsguidar heile året i mange år. Difor valde Thomas Vold  å reise til Svalbard for å gjennomføre  feltarbeid med deltakande observasjon. I fleire periodar over to år levde han med naturguidane på øya, observerte korleis dei planla turar med turister og var sjølv med på turane.

– Eg snakka med dei erfarne, hardbarka guidane og dei heilt ferske. Kva er utfordrande for dei? Dei nye har spørsmåla, dei erfarne har løysingane. Kunnskapen vart synleg for meg i møtet mellom dei ferske og dei erfarne, fortel han.

Resultatet av forskinga hans er fem fasar alle naturguider går gjennom med turistgrupper i arbeidet med å lage guida turar.

Sprekingar, guteklubben kjekk og grei eller ferske italienarar?

For guidane startar turen lenge før turistane kjem til Svalbard. Den første fasen handlar om det guidane kallar «kartlegging». E-postkorrespondanse, spørsmål deltakarane stiller og demografi gjer at guidane skapar seg eit inntrykk av den enkelte turist og gruppa lenge før dei har møttes. Dei har ulike kallenamn på ulike typar turistar og grupper.

«DNT-turisten» kjem for å oppleve naturen. «Sprekingane» vil opp på så mange toppar som mogleg. «Guteklubben kjekk og grei» kan vere pyton å ha med seg på skuterturar og må gjerne tyglas. «Italienarane» er kanskje ikkje så vane med fysisk krevjande turar i tøff natur, mens «karbonpadlarane» vil gjerne padle flest kilometer per dag.

Thomas Vold fortel at slike typeforståingar er noe guidane deler med kvarandre, og at dei er basert på både erfaring og  fordommar.

– Guidane bruker typeforståingane til å tolke turistane på forhand. Det handlar om å skaffe seg ein oversikt over kven turistane kan være, og å skape eit utgangspunkt for den vidare samhandlinga på turen. Turistane på si side  ser for seg at ein svalbardguide er mann, høg, breibeint og litt solbrent. Han har slitt goretexjakke, gjerne med noko gaffatape som reparasjon og ber preg av å vere ein naturens mann, fortel Vold.

Ingen kjære mor utanfor Longyearbyen

Slik er det sjølvsagt ikkje alltid. Det finst òg kvinnelige guidar på 1,60, med blå auge og lyst hår.

– Dei har ein heilt anna utfordring i å vinne gruppas tillit som en solid guide. Men forventningsbrotet kan brukas som ein fordel. Dei får gruppas merksemd, og når dei da står fram som kunnskapsrike og erfarne, får deltakarane gjerne enda større respekt enn om guiden var som forventa, forklarar Vold.

Den andre fasen handlar nemleg om «å få til gruppa». Kategoriseringa er berre eit utgangspunkt som endras gradvis gjennom turen. Så fort gruppa er ute av Longyearbyen brytas barrierane gradvis ned gjennom involvering. Turistane vert mindre turistar og guiden vert mindre guide. Dei beveger seg mot idealet «vener på tur». Turen vert ei boble med eigen verkelegheit. Guiden og turistane vert til subjekt, og turen blir meir eit ope prosjekt eller ein ekspedisjon, enn ein guida tur.

Turist tar bilde utover et snødekket Svalbard-landskap

Naturen på Svalbard inspirerar. Foto: Thomas Vold

Bestemmer sjølv kva toppar dei kan nå

Turistane har gjerne betalt en god del pengar for turen. Dei har store forventningar, og dei spriker innafor gruppa. For guiden er det avgjerande at gruppa utviklar ei felles forståing og ein «felles visjon» for turen. Dette er den tredje fasen.

– Nokon må dempe forventningane sine, mens andre kan auke sine. Saman finn guiden og gruppa ut kva dette prosjektet skal verte. Turen tilpassas turistane, og turistane tilpassas turen, forklarar Vold.

Tenk deg at du skal ta med ei gruppe til Svalbards høgaste punkt, Newtontoppen på 1713 meter. På morgonen for avgang, skjønar du at dykk ikkje kjem til å nå toppen på grunn av ver- og isforhold. Seier du at turen ikkje vert noko av, blir gruppa skuffa. Dei har ikkje fått det det har betalt for. Å gjennomføre turen er ikkje forsvarleg. Kva gjer du?

– Du må involvere turistane, seier Thomas Vold.

– Om morgonen går dykk gjennom forholda samen. Vêrmeldinga er så som så, avgrensingane vert sånn og slik. Kor langt trur de vi kjem i dag? Då vil gruppa sjølv finne ein logikk og vere med på avgjerda. Det vert deira tur. Ikkje ein tur dei er tatt med på, men ein tur der skapar saman. Skuffelsen og nedturen vert annleis når det er dei sjølv som erfarer at dei ikkje kjem til å nå toppen.

Kvar morgon og kvar kveld snakkar gruppa om kva dei har erfart, og kva dei skal vidare. Forventningar justeras, den felles forståinga styrkas og utviklas.

Nærast naturen heilt aleine

Etter kvart gjer gruppedynamikken at guidens rolle endrar seg. Målet er at alle i gruppa har ein felles forståing av oppgåvene, kommunikasjonen flyt lett og turen går liksom av seg sjølv. Den fjerde fasen handlar om «å komme i turmodus». Ein slik modus kjem ikkje av seg sjølv – den krev at gruppa får rom til å utvikle seg. Til dømes kan for mye prating frå guidens side drepe initiativ frå turistane. Dei må få tumlerom til å utforske sjølv, skape interesse og kome opp med eigne spørsmål.

Kun et øye er synlig bak hjelm og skjerf med rim på

Ein turist opplevde at han kom nærast naturen når han var heilt aleine. Foto: Thomas Vold

– Turistane opplever dette som viktig for sin oppleving av turen. Guiden må evne å trekkje seg unna og gi rom. Stian, som er ein av guidane eg var med, fortalde om verdien av at turistane opplever at ting er fint på eigenhand, ikkje berre etter at guiden har sagt: sjå, så fint!

I avhandlinga kan ein lese om kva ein turist rekna som opplevinga der han var nærast naturen. Det var medan han satt bjørnevakt om natta:

(…) det å sitte ute, klatre litt opp på fjellet, titte ned på leiren, titte utover fjorden, den frosne fjorden, isfronten på ene siden, skuta [en gamal seglskute som er frose fast i isen] på den andre siden, fjellene, og ja, du sitter der oppe og du føler som om du er alene. Helt alene.

Å kome i turmodus handlar også om å opne opp for å vere personleg, forklarar Thomas Vold.

– God kommunikasjon handlar om intimitet. Menneska i gruppa må forstå kvarandre og føle at dei veit kven dei andre er. Ein annan guide, Ståle, snakka om kor viktig det var for han at vert kjend med turistane. Kor viktig det er å by på seg sjølv for at ein kan strekkje seg mot idealet «vener på tur». Han vil at kvar tur skal vere som om han var på tur med vener. På en slik måte kompenseras det for at turen er organisert og betalt av turistane, fortel Vold.

Ein god guide kan lage ein flott tur i tett tåke

Tre turister ser på svalbardrein

Ein god naturguide let turistane oppleve naturen sjølv, og veit når han skal trekkje seg unna. Foto: Thomas Vold

Den siste fasen, som gjeld heile turen, handlar om å skape interesse. I byrjinga av turen er guiden gjerne avhengig av å ha turistanes merksemd for å rette fokus mot naturen. Dei bruker ulike teknikkar for å skape interesse. Guiden Stella fortel:

(...) jeg kan gjerne få en gruppe på 20 mennesker til å bli ekstremt opptatt og interessert i lav for eksempel. Lav? Ja, ja [kort tenkjepause]. Men det er måten man legger frem på(…). Det er ingen som synes det er kjedelig og unødvendig, for det er jo en ting med landskapet som er veldig viktig, spesielt på en sånn her plass.

I andre situasjonar er guidenes attendetrekking avgjerande. Til dømes når gruppa møter dyr. Thomas Vold fortel sjølv om ei hending frå ein av turane han var med på.

– Guiden Ståle gjorde oss merksame på at det var ein flokk svalbardrein eit stykke unna. Deretter trakk han seg attende. Han slutta å snakke og let gruppa verte oppslukte av kva dei så. Først da interessa dabba av, og turistane vert utålmodige, fortalde han ting dei ikkje visste, og som vekte merksemda deira igjen. Dette var eit typisk døme på korleis guidane evner å snakke og å trekkje seg attende.

Villmark er ei førestilling som skapas i måten ein møter naturen på, forklarar Vold. Dette er guidane opptekne av. Han samanliknar Svalbard med nasjonalparkar i Kenya til dømes, der løver gjerne kjem og legg seg i skuggen under safaribilane.

– Det er jo kult, men det er jo ikkje villmark. Villmarken blir vill i måten vi gjer den vill, eller let den vere vill på, seier han.

Det kan handle om å halde avstand til dyr, men det kan også handle om å vere heilt einsam i isøydet. En såkalla whiteout, altså når alt berre er kvitt og ein ikkje ser nokon ting, kan vere vel så eksotisk som ein klar vinterdag bada i sol. Igjen er guidens rolle avgjerande.

– Guiden seier kanskje: «du må følgje mine spor uansett, for om du mister dei finner eg deg aldri. For alt du gjer, ikkje prøv å finne meg. Stå stille om du mister meg av syne.» Då vert tåke og dårleg sikt til noko spanande og mystisk. Guiden kan bruke forholda til en kvalitet på turen.

Bobla sprekk

Verkelegheita som skapas innafor gruppa eksisterer berre så lenge turen varar. Og mot slutten av turen slår den sprekkar. Det grua sistedagssyndromet er velkjend blant guidane. Turistane begynner å tenke på kva som skal skje etter turen, lojalitetsbindinga er ikkje så sterk og deltakarane går meir attende til dei rollene dei hadde i byrjinga av turen.

– Det er ikkje utan grunn at skadar skjer og utstyr går i sund i størst grad på sluten av turen, seier friluftslivsforskaren.

Og når turen er ferdig, brister bobla. For guidane er opplevinga over, og dei har byrja tenke på neste tur. Dei treng avkopling, og tek gjerne ei øl på den lokale puben. Turistane er kanskje fortsatt i Longyearbyen, og fortsatt i feriemodus. Då kan det vere problematisk om turistar kjem bort og vil fortsette der dei slapp.

– Den perfekte turisten skjønar at turen er over. Han eller ho har opplevd noko autentisk, og saman har gruppa gjennom menneskelege relasjonar skapt noko verdifullt ute i naturen som vener på tur. Attende i Longyearbyen kjem han eller ho bort til guiden med ein øl, seier takk, og går igjen.