Sogn og Fjordingar blir slappare, men er framleis sprekast i landet

Folk i Sogn og Fjordane er mest fysisk aktive og har sjeldnare hjarte- og karsjukdommar enn folk i andre fylke. Men no er skilnadene i ferd med å bli utjamna.

Gubbetrimmerne står sammen og er tydelig slitne
Svein Arne Vågane pustar ut etter ei hard økt. Til høgre: Anders Hegrenes. Foto: Katrine Sele

Folk i nabolaget Gjesdalen i Jølster ser dei i gata nærast kvar einaste laurdag. Klokka 17 samlar dei seg framfor garasjen til Rune Grønfur, i finvêr eller ruskevêr: eit dusin vaksne karar i joggeutstyr og grøne jakker av forskjellig årgang frå Jølster idrettslag. Av og til er ei kvinne med, av og til eit par ungdommar. Men for det meste er det menn i 60-åra og oppover. Dei kallar seg «Gubbetrimmen».

– Hadde det ikkje vore for Gubbetrimmen, hadde eg nok sete i godstolen akkurat no, innrømmer Svein Arne Vågane.

– Det einaste som kan få meg til å skulke Gubbetrimmen, er om det er møte i Sunnfjord orkesterlag, seier Dag Lien. 

– Vi trener hardt, kort og effektivt. Fart er vår greie! Men dei utenomsportslege, sosiale tinga er vel så viktige, seier Johnny Solheimsnes.

Slappare og tyngre

Portrett av Ane Kristiansen Solbraa

Ane Kristiansen Solbraa. Foto: Andreas B. Johansen

Jølstringane i Gubbetrimmen representerer ein generasjon og ein landsdel som skil seg ut i folkehelsesamanheng. Heilt sidan 1975, då desse mennene var i tjueåra, har forskarar følgt innbyggjarane i Sogn og Fjordane med argusauge. Folk her lever nemleg lengst, er mest fysisk aktive og minst plaga med hjarte- og karsjukdommar.

På syttitalet var forskjellen mellom Sogn og Fjordane og resten av landet tydeleg, men bildet er i ferd med å endre seg. Livsstilendringar til det verre innhentar nordmenn flest, også i denne opphavleg så kjernesunne utkanten. Det viser forskinga til doktorgradsstipendiat Ane Kristiansen Solbraa. Godstolen har freista langt fleire enn karane på Gubbetrimmen:

– Sjølv om folk i Sogn og Fjordane i gjennomsnitt er aktive, er det mange som ikkje rører seg nok. Akkurat som i resten av befolkninga, går kvardagsaktiviteten ned og vekta opp, seier Solbraa.

Sjølv er ho frå Sogndal, og tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norges idrettshøgskole, kor ho disputerer for doktorgraden 29.april. Frå hennar synspunkt er utviklinga i heimfylket urovekkjande. Mange tal peikar i feil retning, særleg når det gjeld kroppsvekt:

  • Talet overvektige og feite kvinner har gått opp frå 35 til 44 prosent
  • Talet overvektige og feite menn har gått frå 41 til 56 prosent
  • Rekruttar på sesjon i Sogn og Fjordane har høgare vekt og større vektauke enn resten av landet

– Vekta har auka jamt og trutt sidan 1975. Trenden har vore mindre ugunstig enn i landet elles, men no er halvparten av oss overvektige eller feite, akkurat som i resten av Norge, seier Solbraa.

Rett nok er folk frå Sogn og Fjordane framleis meir aktive enn nordmenn elles. 44 prosent av 40- og 50-åringane oppfylte helsestyresmaktene sine tilrådingar for fysisk aktivitet i 2010, mot 29 prosent i resten av landet.

– Det er jo bra for Sogn og Fjordane at talet er høgare, men framleis er over halvparten av oss for inaktive, og det er mykje. Skilnaden ser også ut til å bli større og større mellom dei som er aktive og dei som rører seg minst.

Gubbetrimmarane snakkar saman

Kameratskapet er minst like viktig som mosjonen for karane i Gubbetrimmen. Frå venstre: Magne Solheimsnes, Anders Hegrenes, Rune Grønfur og Roald Juklestad. Foto: Katrine Sele

Frå gardslivet til kontorlivet

800 meter, 600 meter, 400 meter, 200 meter: så fort som dei kan spring dei på grusvegen. Farten i gruppa er varierande, men det har ingenting å seie i denne samanhengen. På Gubbetrimmen spring du berre så langt du rekk inntil førstemann har nådd målet. Då stoppar alle og går resten av distansen. Slik får alle like lange pausar, og slepp å stresse over å komme sist.

Folka i Gubbetrimmen er ikkje overraska over nyhenda om at folk i fylket er mindre spreke og sunne enn dei ein gong var. Dei fleste i denne trimgruppa har vore vaksne sidan syttitalet, og sett det sjølv: Noko har skjedd med livsstilen i Sogn og Fjordane.

– Det er langt færre som jobbar i primærnæringane no. Vi er frå gardar alle saman, men dei fleste av oss har hamna bak eit skrivebord, seier Johnny Solheimsnes.

– Trening er på sett og vis eit nytt konsept som ikkje fanst då vi voks opp. Før var fysisk aktivitet meir ein naturleg del av kvardagen og arbeidet, Roald Juklestad.

– Eg er spesielt uroa for dei yngre. Dei sit ved skjerma nesten heile fritida, seier Svein Arne Vågane.

Arbeidslivet er ikkje som før, barndommen er ikkje som før og bygda er ikkje som før, reflekterer dei. For 40-50 år sidan var bygda plassen der alt skjedde. Du kunne gå til alt – skulen, nærbutikken, grendehuset. No er fleire skular i kommunen nedlagde, grendehuset har slutta å vere det sosiale midtpunktet i folks liv, og du må heilt til Førde 20 kilometer unna for å handle alt du treng og oppsøke diverse kulturtilbod. Barn treng skyss til både skule og aktivitetar. Bilen speler ei heilt anna rolle i kvardagen enn den gjorde før.

– Folk går nesten ikkje til fots lenger. Alt skal gå så fort, og dei skal rekkje over så mykje, så dei har ikkje tid til det. Det meste skjer dessutan lenger unna enn før, seier Juklestad.

hånd skriver på navneliste med avkryssing for oppmøte

Oppmøtet på Gubbetrimmen er jamt bra. Nokre av medlemmene har vore med heilt sidan syttitalet. Foto: Katrine Sele

Trener meir, men rører mindre på seg

Ane Solbraa skriv avhandlinga si utifrå to store undersøkingar. Kan1-undersøkinga frå 2010 er ei landsomfattande måling av nordmenns fysiske aktivitetsnivå, der aktivitetsmålarar blei festa på deltakarane i ei veke. Den andre, Statens helseundersøking, har følgt nordmenns helse sidan 1975.

Totalt sett har mengda aktivitet vore relativt stabil i Sogn og Fjordane, men aktivitetsmønsteret har endra seg. Folk her er i dag meir aktive på fritida enn før, men reduksjonen i kvardagsaktivitet har vore stor. Størst nedgang ser Solbraa i den moderate aktiviteten. Det vil seie aktivitet som til dømes rask gange:

– Vi kan sjå føre oss ein mann som var 40 år gammal i 1975. Om morgonen er han kanskje i fjøsen, før han syklar til jobben sin på fabrikken. Der trakkar han rundt heile dagen før han dreg heimatt og steller dyra igjen. Han sit ikkje mykje roleg, men bruker heller ikkje mykje tid på trening, seier Solbraa.

– Så kan vi sjå føre oss ein mann som var 40 år i 2010. Han har ikkje gard, han køyrer til ein stillesittande kontorjobb, køyrer heimatt igjen og køyrer på trening eit par gonger i veka. I helger og feriar tek han seg nokre fjellturar.

– Vi lever altså annleis enn før, og det gjer at vi forfell i takt med resten av landet. Men kva skal vi med denne triste kunnskapen?

– Når vi veit at det er slik, har vi også ein sjanse til å gjere noko for å snu den negative trenden. Eg trur vi har mykje å hente på kvardagsaktiviteten. Mange små tiltak kan gjere store skilnader, meiner Solbraa.

Den enkelte må ta ansvar for si eiga helse, og gjere gode val i kvardagen. I tillegg må styresmaktene gjere meir for å leggje til rette for auka aktivitet i det daglege, påpeiker forskaren, til dømes betre trafikkløysingar som gjer at folk får lyst til å sykle til jobb og torer å la ungane gå til skulen, betre kollektivtilbod og offentlege bygg der trappa er eit meir synleg val enn heisen.

Det handlar om glede

Eldste aktive medlem i Gubbetrimmen heiter Kjell Steinseth og fyller snart 80 år. Diverre kunne han ikkje komme på trening denne dagen: Han har pådrege seg ein idrettsskade – noko med akillesen, fortel treningskameratane hans. Elles er han ”still going strong” og er med på både norske og europeiske veteranmeisterskap.

Dei fleste andre i gruppa har også trena og vore aktive heile livet. Johnny Solheimsnes og Roald Juklestad var ivrige terrengstafettløparar i ungdommen, og starta Gubbetrimmen seint på syttitalet. Den gongen skilde dei seg litt ut med jogginga si:

– Det var bannlyst å trene her på syttitalet. Ein skulle jobbe eller kvile. Viss du for og jogga langs vegane, kunne folk tenkje at du var litt rar, humrar Juklestad, som likevel heldt stand.

Så kva skal til for å leve eit aktivt liv, og halde det gåande ein heil mannsalder? Jølstringane i Gubbetrimmen har eit klart svar: Det handlar om glede. Å lære seg gleda over det å vere i rørsle, alt i ung alder. Då er mykje løyst, meiner dei. Difor er dei så opptekne av å ha ei hyggeleg ramme kring trimminga si, med treningsmøte, årsmøte og oppkøyring til årsmøte. Mykje såkalla ”tyleprat”, og til og med, ein gubbeblogg.

– For meg er kameratskapen avgjerande for at eg driv med dette, seier Solheimsnes.

Pulsklokker, treningsmani, tidtaking og alle former for overdriving på denne fronten er Gubbetrim-folka skeptiske til. Dei har observert at yngre Jølster-menn driv ein del med slikt.

– Å stresse på det viset er ikkje min stil. Eg veit om godkjensla eg får av å trene. Det er den eg er ute etter, seier Roald Juklestad.