Teknologiske duppedingsar i langrennsporten

Følgde du med på TV-sendingane frå Tour de Ski? Då fekk du kanskje med deg grafikken som viste hjartefrekvensen til enkeltutøvarar og avstanden mellom utøvarane på jaktstartane? Tenkte du over korleis dei fekk til dette? Eller om ein kan forvente meir detaljert grafikk i neste OL?

Ved seksjon for fysisk prestasjonsevne på NIH bryr vi oss ikkje om grafikken på TV, men vi nyttar ny teknologi i vår langrennsforsking.

Fyrst, grafikken du såg i Tour de Ski (TdS) kom frå sendarar som utøvarane hadde i startnummeret.  Etter målgang kunne du sjå at arrangørane samla dei inn. Eg går ut frå at sendaren inneheld ein GPS (global position system) og mottakar av hjartefrekvenssignal frå eit vanleg pulsbelte. Signala vart så sendt trålaust til ein base som så sendte det ut til tv-sendinga. Det er ikkje fyrste gongen vi ser dette i Tour de Ski eller Tour de France for den del, men kvaliteten på utstyret og grafikken har utvikla seg siste åra og det kjem nok meir i åra framover.

Skiløper med påmontert akselerometer nederst på ryggen

– Denne skiløparen deltok i prøve-VM i 2010. Etter målgang gjekk han ei ekstra runde i sprintløypa med akselerometer på skiskoa, stavane og nedst på ryggen.

Kanskje inneheld sendarane i TdS allereie endå meir (unytta) avansert utstyr som akselerometer (måler fartsendring), gyroskop (måler vinkelfart) og magnetometer («kompass»). Ved seksjon for fysisk prestasjonsevne på NIH har vi brukt akselerometer til å beskrive rørslemønsteret (teknikken) til langrennsløparar i fleire år. Slikt utstyr kan nemleg og nyttast utandørs på lengre turar som i TdS, og vi som forskarar er interesserte i for eksempel om det er vesentlege forskjellar på å gå rulleski kontra ski, korleis ulikt føre og terreng påverkar løparen sin teknikken, og kva grunnleggjande rørsler som gir ein effektiv teknikk.

 

Til no har vi vist at det er store individuelle forskjellar sjølv mellom eliteløparar, men eliteutøvarane reproduserer sitt mønster og dei justerer teknikken sjølv ved små endringar i terrenget. I tillegg har vi vist at utstyret kan nyttast til å kvantifisere bruk av dei ulike teknikkartane. Ser du for deg grafikken som viser at Hellner brukte X % meir dobbeldans enn Northug?

Du tenker kanskje: «Wow, slike sendarane må vere dyre», og «eg som mosjonist kjem vel ikkje borti slik teknologi utanom på tv-skjermen?» Vel, sendarane under TdS kostar nok alt frå 5 til 25 tusen kr pr stk avhengig av innhald og nøyaktighet, men nei, du brukar slik teknologi kvar dag. Teknologien har nemleg vore i rask utvikling siste tiåret takka vere smarttelefonane mange av oss går rundt med. Sjølv om innhaldet i smarttelefonen er noko meir unøyaktig er det teknisk mulig å få nokre enkle tilbakemeldingar frå telefonen.  Fleire norske og utanlandske firma jobbar med utvikling av nye applikasjonar og for langrenn. Det er berre eit tidsspørsmål før telefonen eller pulsklokka di for eksempel kan kvantifisere kor mykje du nytta dei ulike teknikkartane i løpet av dagens skitur.

Får du derimot tekniske råd frå telefonen din bør du vere på vakt. Det er mange forhold ein må ha kontroll på når ein gir råd om optimal teknikk for den enkelte. Ved NIH set vi kvalitet i førarsetet og er i ferd med å få god kunnskap om korleis avansert teknologi kan og bør nyttast i langrennsforsking!