Det kan søkjast opptak på doktorgradsstudiet gjennom heile året. NIH finansierer 32 stipendiatstillingar. Stillingane er knytta til NIH sine fem fagseksjonar. Ledige stipendiatstillingar vert lyst ut i takt med at dei vert ledige.
Doktorgradsutdanninga omfattar:
-
Gjennomføring av eit sjølvstendig forskingsarbeid i aktivt samarbeid med rettleiar(ar)
-
Ein godkjent opplæringsdel
-
Deltaking i aktive forskarmiljø
-
Fagleg formidling nasjonalt og internasjonalt som er nært relatert til det pågåande doktorgradsarbeid
Doktorgradsprogrammet
Opplæringsdelen består av eit kurs i vitskapsteori og etikk, ei fagleg og metodisk fordjuping og kurs innanfor generell kvalitativ og kvantitativ metode (til saman 40 studiepoeng).
Doktorgradskurs
Det vert gjeve tilbod om ei rekkje kurs i løpet av året, blant anna i kvalitativ analyse, vitskapsteori og etikk, kvantitative design, engelsk for akademikarar, verktøyet Reference Manager og i evaluering av måleeigenskapar.
Kvalitativ og kvantitativ metode
Det vert stilt krav om at dr.gradskandidaten gjennomfører poenggjevande kurs innanfor generell kvalitativ og kvantitativ metode tilsvarande 5 studiepoeng, på dr.gradsnivå ved NIH eller andre vitskaplege institusjonar. Studiepoenga skal godkjennast av Komité for forskerutdaning (KFU) gjennom årsrapporten.
Tidlegare doktorgradsstudentar
Norges idrettshøgskole tildelte sin fyrste doktorgrad i 1990. Sidan den gong har totalt 92 personar gjennomført doktorgradsprogrammet ved NIH. Sjå gjennomførte prosjekt.