Verdiar og ideal for dagens friluftsliv

Formell tittel

Verdiar og ideal for dagens friluftsliv. Nansen som føredøme? Tankar og formuleringar om friluftslivet i vår tid: spegling av Nansen sine verdiar og ideal? Ei samanliknande gransking

Prosjektbeskrivelse

Gunnar Repp forsvarte 24. august, 2001 avhandlinga si Verdiar og ideal for dagens friluftsliv. Nansen som føredøme? Tankar og formuleringar om friluftslivet i vår tid: spegling av Nansen sine verdiar og ideal? Ei samanliknande gransking for graden Doctor Scientarium ved Norges idrettshøgskole, Institutt for samfunnsfag.
 
Gunnar Repp blei fødd 25.4.43 og voks opp midt i Jotunheimen. Allmennlærarutdanning og grunnfag i idrett har han frå Elverum lærerskole, grunnfag i pedagogikk frå tidlegare Norges lærerhøgskole i Trondheim og mellomfag i idrett ved Norges idrettshøgskole. Tittel for hovudfagsarbeidet ved NIH var Friluftsliv og leirskole. Verdisynspunkt og didaktiske tilhøve i historisk perspektiv. Relevant yrkeserfaring: Fem års folkeskule-/grunnskulepraksis. Tilsett ved NIH/Seksjon for friluftsliv 1973-78 og i doktorgradsstipendiat ved NIH 1993-97. Elles: tilsett ved Høgskulen i Volda i 20 år. Leiar/forskar i eit treårig forskingsprosjekt: Natur og friluftsliv i grunnskule og barnehage. Friluftsliv har, i hovudsak, vore arbeidsfelt.
 
Doktorgradsarbeidet er ei komparativ gransking av to skriftlege formuleringsarenaer Nansen sitt friluftsliv og friluftslivet i vår tid med sikte på å klarleggje friluftslivssyn og verditenkinga bak. Arbeidet har hatt ei forankring i kunnskapssosiologiske perspektiv med fokusering på det kognitive og abstrakte: på ideologiar og verditenking. Granskinga byggjer opp under førestellingar om Nansen som føredøme og premissgjevar for friluftslivet i ettertida: med vågemot, sjølvstende, handlekraft og trong til personlege eventyr, grenseflytting og dådsverk  men også ro, einsemd og tid for ettertanke som sentrale ideal. Samtidig finn vi tydeleg ei verditenking rundt friluftslivet sin plass i oppseding og haldningsskapande arbeid. Idrett og friluftsliv var eitt og det same   kontroversielt som idrettssyn i samtida. Med meir og mindre hell streva Nansen med å leva opp til høge ideal om det enkle friluftslivet og om å arbeide med vera på lag med naturen: eitt av mange døme på det ambivalente ved  Nansen. Nettopp dette reiser spørsmål rundt det føredømlege. Vi finn eit klart formuleringsgrunnlag for dagens friluftsliv: for eit ettertenksamt friluftsliv. Slik la han kanskje òg grunnlaget for abstrahering og teori knytt til vårt  friluftsliv? Synleggjering av verdigrunnlaget kunne styrkje legitimering av friluftslivet men også medverka til aukande institusjonalisering, profesjonalisering og organisering for det enkle livet i naturen.

Komite:
Professor Sigmund Loland, Norges idrettshøgskole, leder
Professor Jonas Fykman, Lund Universitet
Docent Lena Eskilsson, Umeå Universitet