Talentjakt eller leik? Barneidrett i Noreg 1920 - 1976

Tid:

Sted: NIH, Aud A

Formell tittel

Framtidas håp. Barneidrettsdiskursar i Noreg 1920-1976

Formål

At barn er, har, bør og skal vere fysisk aktive ser ut til å vere ei relativt utbredt oppfatting.  Men kvifor skal dei delta i organisert idrett og idrettskonkurransar; og på kva måte og innanfor kva rammer bør denne aktiviteten skje? Desse spørsmål som ser ut til å ha oppteke både idrettsleiarar og politikarar gjennom ulike delar av 1900-talet. Dette, samt eit ynskje om å gjere barnet meir synleg i norsk idrettshistorie, var noko av bakgrunnen for Oskar Solenes sitt doktorgradsprosjekt. 
 
Det er i hovudsak organisert barneidrett i den frivillige idretten som har vore fokusområde for dette prosjektet.
 
Doktorgradsprosjektet har vore finansiert av Forskningsrådet gjennom programmet ”Idrett, samfunn og frivillig organisering”.

Prosjektbeskrivelse

I dag utgjer barna ein stor del av medlemsskapa i Norges idrettsforbund og barna sin plass i organisasjonen synes klar. Rundt 1920 var barna på ingen måte ein like opplagt del av det organiserte idrettsliv – snarare tvert om.
 
Det organiserte idrettsliv vart sett på som ein arena lite egna for barn (og kvinner). Avhandlinga tek mål av seg til å vise korleis barna i løpet av 1920- og 1930-talet i langt større grad blir definert inn i idretten og korleis dei frivillige idrettsorganisasjonane gradvis distanserar seg frå den idretten som skjer i regi av skulen.

Resultat

I etableringa av barneidrett som felt spelar vitskapen, og i fyrste omgang medisin, ei sentral rolle. Det er basert på medisinsk viten om vekst og utvikling av barnekroppen, restriksjonar på aktivitetar blir blant anna innført. Særleg var det frykt for kva innverknad uthaldskrevjande idrettar ville ha på ein ung barnekropp i vekst.
 
 Etter andre verdskrig blir også ein psykologisk viten lagt til grunn for å forstå og forklare det idrettsaktive barnet. Vitskapen har lagt føringar for å forstå barna sin idrettsaktivitet. Vel så sentralt i denne vitskapleggjeringa har vore etableringa og forståinga av det fysisk inaktive barnet som, i yttarste konsekvens, kan vere ein slags trussel mot samfunnet.
 
Kontinuitet framfor brot
Tradisjonelt blir Norges Idrettsforbund (NIF) si etablering av ”Retningslinjer for barneidrett” i 1976 og enda meir vedtak om ”Barneidrettsbestemmingar” i 1985 omtala som eit brot med tidlegare praksisar.

Ein av hovudpåstandane i Framtidas håp er at det gjennom organiseringa av barna inn i idretten synes å vere meir snakk om kontinuitet enn om brot. Gjennom heile perioden 1920-1976 har organiseringa av barna inn i idretten skjedd i eit spenningsfelt mellom i hovudsak to polar.
 
Talentjakt eller leik?
På den eine sida stod dei som meinte at barneidretten sitt viktigaste mål og funksjon låg i talentjakta. Organiseringa og treninga av barna skjedde i stor grad på konkurranseidretten sine premiss ved at unge talentfulle utøvarar kunne utvikle seg til å bli framtidige meistrar i sin idrett.
 
På den andre sida stod dei som meinte at barneidretten måtte organiserast og leggast opp til det beste for barna. Dette inneber ein tanke om at barnet måtte vernast mot konkurranseidretten sin logikk og rasjonalitet så lenge som mogleg og at barnet skulle få lov til å vere barn. Leiken og allsidigheit vart satt i høgsete.
 
Også i dagens ordskifte om organiseringa av barneidretten er denne spenninga godt synleg. Framtidas håp gjev innsikter til å forstå dagens så vel som historiske  førestillingar og praksisar om det organiserte idrettstilbodet for barn.