Fysisk aktivitet og eksekutive funksjonar – Active Smarter Kids studien

-

Formell tittel

Fysisk aktivitet og eksekutive funksjonar – Active Smarter Kids studien

Formål

Føremålet med prosjektet er å undersøkje effekten av dagleg fysisk aktivitet på eksekutive funksjonar. Vidare vil studien undersøkje om dei eksekutive funksjonane er mediatorar i samanhengen mellom fysisk aktivitet og skuleprestasjonar. Ulike aspekt av fysisk aktivitet, som målingar av aktivitet, fysisk form og motorikk vil vere sentrale i prosjektet.

Prosjektbeskrivelse

Prosjektet er ein del av det større forskingsprosjektet Active Smarter Kids (ASK). ASK er ein randomisert kontrollert intervensjonsstudie som undersøkjer effekten av dagleg fysisk aktivitet på skuleprestasjonar, kognisjon (eksekutive funksjonar) og helsevariablar, samt elevane sine erfaringar av fysisk aktivitet. Intervensjonen gjekk over 7 månadar skuleåret 2014/2015, og inkluderer 1129 elevar (596 elevar i intervensjonsgruppa og 533 elevar i kontrollgruppa)  på 5. trinn i Sogn og Fjordane fylke. 
For meir informasjon sjå active-smarter-kids
 

Resultat

Prosjekt pågår og resultater publiseres ved prosjektets slutt.