Læring i rehabilitering

Tid:

Sted: NIH; Aud A.

Formell tittel

Relations of meaning. A phenomenologically oriented case-study of learning bodies in a rehabilitation context

Formål

Temaet for avhandlinga er den kroppslege og sosiale læringa som skjer mellom deltakarar i rehabilitering. Det er gjort ei case-studie av eit rullestolkurs ved Beitostølen helsesportsenter. På dette kurset lærer deltakarane både rullestoldugleikar og tilpassa fysiske aktivitetar.
 
Rehabiliteringskurs der deltakarane har varierande og ulike erfarings- og ferdigheitsnivå representerer ein sjeldan muligheit for å lære av meir erfarne brukarar.

Prosjektbeskrivelse

Avhandlinga rettar eit pedagogisk og filosofisk blikk på læringa som skjer i rehabilitering, og to former for meiningsrelasjonar blir drøfta.
 
For det første, dannar arbeida til den franske filosofen Maurice Merleau-Ponty ramma for å forstå den kroppslege læringa som skjer mellom deltakarane. Særleg viktig er Merleau-Ponty sin filosofi om kroppen som før-refleksivt subjekt: Kroppen er ikkje først og fremst eit objekt, men snarare eit aktivt, handlande kroppssubjekt.
 
Merleau-Ponty hevdar at ”det avgjerande no” i læring trer fram når ein meiningsrelasjon mellom situasjonen og kroppssubjektet oppstår. Det vil seie at før vi veit ordet av det er vi berørt av meining.

Resultat

Imitasjon er ein heilt sentral læreveg i kroppsleg læring. Imitasjon er i denne samanhengen ikkje eit spørsmål om at ein bestemmer seg for å etterlikne ein annan: Den kroppslege læring er før-refleksiv. Dette blir tematisert som mellomkroppsleg læring (intercorporeal learning).
 
For det andre, kastar den pedagogiske teorien situert læring lys over fenomenet som blir undersøkt.
 
I avhandlinga blir det vist korleis deltakarane saman skapar meining gjennom å aktivt engasjere seg i grupperelasjonar. I møtet med dei andre, finn dei målestokkar å samanlikne seg med, samt at dei tileignar seg eit språk (ord, uttrykk og forteljingar) som gir meining til å forstå situasjonen dei er i som rullestolbrukarar.
 
All læring kan ikkje planleggast eller styrast
Læring er eit dynamisk og usikkert prosjekt, og kan såleis ikkje fullstendig planleggast eller styrast. Avhandlinga viser kor viktig det er å la lære. Det vil seie at ein fører ein form for ’fingrane-av-fatet’ pedagogikk. Dette betyr at pedagogar godt kan gi avkall på kontroll og makt, og heller bidra til læring gjennom å strukturere ressursane for læring som allereie finst i alle praksisfellesskap. 
 
Avhandlinga utviklar eit nytt, teoretisk grep om læringa som skjer i rehabilitering. Det blir vist at rehabiliteringskurs er ein velkommen mogelegheit for å treffe andre i same situasjon, og at meiningsrelasjonar som oppstår mellom deltakarane er viktige ressursar for læring.

Les hele rapporten

Last ned fra Brage