Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til søk

Oppdragsforsking

Ei av dei viktigaste oppgåvene til Norges idrettshøgskole er å dele kunnskapen sin med omverda. NIH ønskjer å komme samfunn og næringsliv i møte med tilbod om oppdragsforsking og kunnskapsbaserte tenester.

 

Illustrasjonsfoto til Senter for oppdragsforskning og kunnskapsbaserte tjenester, Norges idrettshøgskole

 
I dag blir høgskulen rekna som ein av dei mest velutvikla forskingsinstitusjonane i Europa innan fysisk aktivitet, leik og idrett – i skule, arbeid og fritid. Det mest spennande med NIH er at naturvitarar, samfunnsvitarar, humanistar og praktikarar er samla under samme tak.
 
Spennet i forskning og undervising er stort, og dei til saman 80 vitskaplege tilsette er forankra i fagfelta aktivitetslære, antropologi, biomekanikk, fysiologi, historie, medisin, pedagogikk, psykologi, sosiologi og treningslære.
 
Kva for kompetanse kan NIH tilby?
  • Forskningskompetanse
    Forskingsmiljøa er høgt oppdaterte og publiserer i eit mangfold av nasjonale og internasjonale forskningstidskrift.
  •  
  • Praksiskompetanse
    Dette kan gje grunnlag for interessante intervensjonsstudiar mot særskilte målgrupper eller mot spesielle mål (relasjonsbygging, helse, velvære, integrasjon osb).
  •  
  • Kunnskapsbaserte tenester knytta til dei ulike laboratoria på huset
    NIH har eige ball-laboratorium, fysiologilaboratorium med trykktank, røyrslelaboratorium, idrettspsykologisk laboratorium, lydstudio og eit videolaboratorium for TV-produksjon.
Spørsmål om oppdragsforskning kan rettast til dei ulike fagseksjonane